Epipactis helleborine ssp. orbicularis er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho finst ikkje i Noreg.

Systematikk Planta er i den svenske Artdatabanken rekna som ein underart av breiflangre, med det svenske namnet tallknipprot. I Polen (polsk namn kruszczyk krótkolistny) blir planta ofte rekna som ein eigen art, E. orbicularis eller òg E. distans, stundom som E. helleborine ssp. distans. I Plants of the World Online er planta ikkje rekna som ein eigen underart, men som eit synonym for skogbreiflangre.

Utbreiing I Sverige finst underarten på sandbakke i tørr skog på Gotland og Öland og på fastlandet heilt i sør. Han er rekna som livskraftig (LC). Denne underarten er òg registrert i Estland og i Tyskland (tysk namn Runde Breitblättrige Ständelwurz), der han ikkje er raudlistevurdert (DD, Daten unzureichend). I Polen (polsk namn kruszczyk krótkolistny) er han registrert som E. distans og er heller ikkje der raudlistevurdert.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flangreslekta