NUTS (engelsk Nomenclature of Territorial Units for Statistics, opphavleg frå fransk nomenclature des unités territoriales statistiques) er ein standardkode for administrative understatlege einingar til bruk i Eurostat-statistikk. Standarden blei utvikla av EU, og dekkjer derfor berre medlemslanda i detalj. Eurostat har òg utvikla eit hierarki for alle søkjarland etter 1980, men denne delen av standarden er ikkje endeleg fastlagd. Kodane treng ikkje å samsvare med dei reelle administrative einingane i landa. Dette kjem mellom anna av at ein ved grenseendringer ofte held fast ved dei gamle einingane i statistisk samanheng, for å kunne samanlikne målingar over tid.

Oppbygnad

NUTS 0: To bokstavar som identifiserer landet. Denne delen av koden svarer til ISO 3166-1, bortsett frå at Storbritannia bruker UK i staden for GB.

NUTS 1: Eitt siffer eller éin bokstav som identifiserer ei understatleg eining. Nummereringa startar med 1, og etter 9 held ein fram med bokstavar. Nivået dekkjer dei same einingane som ISO 3166-2, men med andre kodar.

NUTS 2 / NUTS 3: Nivå under dette blir gitt med siffer. Der det er for mange einingar til å bruke eitt siffer, lagar ein kunstige samanslutningar av einingar. NUTS 2 vil derfor ofte ikkje referere til eksisterande administrative einingar.

Døme

Til dømes er koden for Portsmouth i England bygd opp slik:

UK: Storbritannia UKJ: Regionen Søraust-England UKJ3: Hampshire and Isle of Wight UKJ31: Portsmouth

Utanfor EU

Den tilsvarande standarden i Sambandsstatane heiter FIPS.

Avvik

Det er nokre avvik i koden:

Gibraltar har koden E021, som syner at området ligg utanfor EU. Fransk Guyana er lista både som FR930 (under Frankrike) og som AS13 (under Sør-Amerika)

Norsk bruk

I norsk statistikk svarer fylka til NUTS 3-nivået. Statistisk sentralbyrå har òg produsert statistikk på NUTS 2-nivå, med ei inndeling av Noreg i sju regionar. SSB har òg gjort framlegg om ei inndeling på NUTS 4-nivå, med Noreg delt inn i 90 økonomiske regionar. Eurostat opererer ikkje med NUTS 4, men har i staden to lokale inndelingar, LAU1 og LAU2 (frå engelsk Local Administrative Unit). Norske kommunar ville tilsvare NUTS 5-nivå, eller LAU2.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «NUTS» frå , den 16. mars 2022.

Kategori:Samfunnsgeografi Kategori:Klassifiseringssystem Kategori:Statistisk datakoding Kategori:Forkortingar