Eivind Reiersen () var ein norsk arbeidar, redaktør og politikar, aktiv i Arbeidarpartiet og i Norges Kommunistiske Parti. Han var fødd i Nes sokn i Telemark.
Reiersen arbeidde på fabrikk i Solum herad i Telemark. Han melde seg då inn i Arbeiderpartiet i 1899, og fekk med åra fleire tillitsverv i partiet. Frå 1908 til 1913 var han formann i Bratsberg Arbeidarparti, 1914-15 i Bodø Arbeidarparti. Landsstyremedlem i partiet frå 1915 til -20.
Perioden 1916-19 var Reiersen redaktør i avisa Ny Dag, deretter redigerte han Bratsberg-Demokraten fram til 1921. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet frå kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder. På Stortinget var han medlem i Finans- og tollkomiteen. Då partiet i november 1923 delte seg i to fylgde han Norges Kommunistiske Parti. Dei fyrste to åra var han formann i Telemark distrikt av NKP. Både i 1924 og 1927 var han NKP sin fyrstekandidat ved vala for kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder. Varaordførar 1925-26 i Skien.
Reiersen var i 1924 atter redaktør av Ny Dag, frå 1925 til 1929 redigerte han NKP-organet Telemark Kommunistblad (tidlegare Bratberg-Demokraten). Dessutan var han forretningsførar i NKP-avisa Ny Tid til han i 1930 vart ekskludert frå partiet. Sidan melde han seg inn i Arbeidarpartiet.
I januar 1945 vart Reiersen arrestert og sat fengsla på Grini til frigjeringa i mai.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eivind Reiersen» frå , den 17. mars 2022.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Folk frå Sauherad