Mathias Antonsen Normann () er ein norsk fotballspelar frå Svolvær. Han er midtbanespelar.
Karriere Klubbspel 16 år gammal spelte Normann 5 seriekampar for Lofoten FK på nivå 4 i seriesystemet. Året etter skreiv han kontrakt med Bodø/Glimt. Sesongen 2015 var han aktiv for Alta IF på nivå 3. År 2016 spelte han seg til fast plass på eliteserielaget Bodø/Glimt. Våren 2017 fekk han kontrakt med engelske Brighton, men kom aldri på bana i kamp og spelte i staden for Molde FK frå hausten 2017 og halve 2018-sesongen. Frå hausten 2019 gjorde Normann teneste i FK Rostov i den russiske toppserien i to sesongar. Sesongen 2021/22 har Normann spelt for Norwich City, nyopprykka til engelske Premier League.
Landslagsspel Normann debuterte på det norske landslaget som innbytar den 5. september 2019. Den 8. oktober 2020 skåra han Noregs mål då landslaget på heimebane tapte EM-kvalifiseringskampen mot Serbia med 1–2. Per 1.1.2022 hadde han delteke i 11 landskampar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mathias Normann» frå , den 21. mars 2022. eu-football
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Vågan