Kristian Thorstvedt () er ein norsk fotballspelar fødd i Stavanger. Han vart norsk meister med Viking FK i 2019 og belgisk cupmeister 2021 med KRC Genk. Erik Thorstvedt er far hans.

Karriere Klubbspel Thorstvedt er midtbanespelar og var aktiv for Viking på nivå 2 i 2018 og eliteserien i 2019. 8. desember 2019 var han med å vinne cupfinalen på Ullevål stadion med 1–0 over FK Haugesund. Frå nyåret 2020 hadde han kontrakt med den belgiske klubben KRC Genk. 25. april 2021 spelte han nesten heile kampen då Genk slo Standard Liège 2–1 i den belgiske pokalfinalen. Sommaren 2022 vart han overført til italienske Sassuolo der han, utanom skadar, har spelt fast i Serie A og ein sesong i Serie B.

Landslagsspel Thorstvedt fekk sin landslagsdebut 18. november 2020. I den såkalla naudlandslags-kampen var han innbytar då Austerrike og Noreg spelte uavgjort 1–1 i Wien. Han deltok i to av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Per 1. april 2026 var han bokført med 35 kampar og 4 landslagsmål.

Merittar Norsk cupmeister: 2019 med Viking FK Belgisk cupmeister: 2021 med KRC Genk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristian Thorstvedt» frå , den 21. mars 2022. eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Viking-spelarar Kategori:Genk-spelarar Kategori:Sassuolo-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026