«I Believe in a Thing Called Love» er ein song av det engelske rockebandet The Darkness, gjeven ut som den tredje singelen frå debutalbumet deira, Permission to Land. Då han kom ut på singel i september 2003 nådde han andreplassen på UK Singles Chart, bak The Black Eyed Peas-songen «Where Is the Love?». Songen gjekk òg inn på singellister verda over og vart ein topp 10-hit i Irland, New Zealand og Sverige, i tillegg til den amerikanske Billboard Modern Rock Tracks-lista.

Bakgrunn «I Believe in a Thing Called Love» kom opphavleg ut på ein EP i august 2002, men sidan det berre vart trykt eit lite opplag, gjekk han ikkje inn på noko salsliste då. EP-en inneheldt òg tidlege versjonar av «Love on the Rocks With No Ice» og «Love Is Only a Feeling».

I mars 2005 plasserte magasinet Q «I Believe in a Thing Called Love» på 47. plassen på lista over dei 101 beste gitarsongane. Han vart kåra til den 276. beste songen i 2000-åra av Pitchfork. Han er òg plassert på 493. plassen på lista til magasinet Blender over dei 500 beste songane gjennom tidene og vart rangert på toppen av lista til Classic Rock Magazine over dei beste rockesongane i 2000-åra. Songen vart kåra til den 94. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1. Eit konsertopptaket, spelt inn i Knebworth House i Knebworth i Hertfordshire i 2003, vart gjeven ut som B-sida til julesingelen deira, «Christmas Time (Don't Let the Bells End)». I ei lesarundersøking i Classic Rock Magazine i 2020 vart songen kåra til årets beste song dette hundreåret (så langt).

Musikkvideoen var designa for å lansere bandet for den amerikanske marknaden. Han var regissert av Alex Smith og syner bandet på eit romskip medan dei speler songen og sloss mot romvesen og monster.

Innhald

Britisk CD-singel «I Believe in a Thing Called Love» «Makin' Out» «Physical Sex»

Britisk avgrensa 7" biletplate A. «I Believe in a Thing Called Love» B. «Makin' Out»

Digital EP «I Believe in a Thing Called Love» (single version) – 3:38 «Makin' Out» – 3:39 «Physical Sex» – 3:33 «Out of My Hands» – 3:33

Britisk DVD-singel «I Believe in a Thing Called Love» (single version) «Out of My Hands» «I Believe in a Thing Called Love» (video) Video clips

Australsk CD-singel «I Believe in a Thing Called Love» (single version) «Makin' Out» «Physical Sex» «Out of My Hands» «I Believe in a Thing Called Love» (video)

Salslister og salstrofé

Vekeslister Liste (2003–2004)PlasseringCanada Rock Top 30 (Radio & Records)6Europa (Eurochart Hot 100)9

Årslister Liste (2003)PlasseringIrland (IRMA)35UK Singles (OCC)33 Liste (2004)PlasseringNew Zealand (Recorded Music NZ)49

Salstrofé

Andre versjonar Hayseed Dixie i 2004 på albumet deira Let There Be Rockgrass. Damien Dempsey i 2003 på det veldedige albumet Even Better Than the Real Thing Vol. 1. Shayne Ward som deltakar på The X Factor i 2005. Lemar i 2007 på BBC Radio 1-albumet Live Lounge. Artist vs. Poet i 2010 på samlealbumet Rockin' Romance II. Panic! at the Disco på fleire konsertar. Johnny Robinson som deltakar på The X Factor i 2011. Dylan Everett og Olivia Scriven på Degrassi i 2012. Adam Lambert og Chris Colfer i Glee-episodeen «Frenemies», i 2014. Scott Bradlee og Postmodern Jukebox gav ut ein New Orleans-jazz-versjon av songen i 2015, i lag med Maiya Sykes. Hanson spelte inn songen på EP-en Roots & Rock 'N' Roll i 2015. Delta Goodrem i 2016 på albumet hennar Wings of the Wild.

I popkulturen Songen var ein spelar song i musikkvideospela Karaoke Revolution Volume 2, Guitar Hero On Tour: Decades og Dancing Stage Fusion; som kjeldemusikk i ein episode av The Bill og i filmane Bridget Jones: The Edge of Reason og Mike and Dave Need Wedding Dates. Songen var med i den originale versjonen av SingStar. Han er med i både Rocksmith og Rock Band 3 som nedlastbart innhald.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Believe in a Thing Called Love» frå , den 9. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 2003 Kategori:The Darkness-songar Kategori:Songar skrivne av Justin Hawkins Kategori:Songar skrivne av Dan Hawkins Kategori:Songar skrivne av Frankie Poullain Kategori:Songar skrivne av Ed Graham Kategori:Songar om seksualitet Kategori:Songar frå 2003 Kategori:Hayseed Dixie-songar Kategori:Hanson-songar Kategori:Scott Bradlee-songar