Hot Cakes er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet The Darkness, gjeve ut 20. august 2012 på Canary Dwarf Records. Det var produsert av Nick Brine og bandmedlemmane Justin og Dan Hawkins og er det første albumet deira etter dei kom saman att i 2011. Det var òg det første med den opphavlege bassisten Frankie Poullain sidan debutplata Permission to Land i 2003. Det var òg det siste albumet med alle dei fire originale medlemmane, etter at Ed Graham slutta i 2014. Sjølv om albumet kom ut 20. august, var albumet tilgjengeleg for nedlasting på nettsida til Rolling Stone den 14. august.

Bakgrunn I 2011 kom The Darknes saman at etter at bandet vart lagt ned fem år tidlegare. Den opphavlege bassisten Poullain kom då attende til bandet og erstatta etterfølgjaren hans, Richie Edwards. Trommeslagaren i bandet, Ed Graham, sa: «Eg høyrde eit rykte om at Dan og Justin [Hawkins] faktisk skreiv songar i lag igjen og etter at eg ikkje hadde snakka til dei på æver, sende eg ein epost til dei. I utgangspunktet trudde eg at dei skulle kome saman att, men eg visste eigentleg ikkje at eg kom til å vera med. Så var Dan ein dag i London og han sa: «Ed, eg vil gjerne møta deg» og me berre tok ein drink og han sa: «me har skrive songar saman i fleire månader, og me har akkurat endeleg komme til eit stadium der me verkeleg vil ha dei originale fire personane, så er du interessert?» Noko som sjølvsagt var flott.»

Komposisjon Det meste av albumet vart spelt inn heime hos gitaristen Dan Hawkins, Leeders Farm, i Norfolk. Trommeslagaren Ed Graham snakka om albumet samanlikna med dei to førre albuma deira, Permission to Land og One Way Ticket to Hell... and Back: «Eg trur at me alle føler at det andre Darkness-albumet er litt overprodusert og kanskje har gått seg vill nokre stader, litt. Eg trur me ønskte å gå tilbake til den forma me var i; me ønskte å laga noko som var meir som Permission to Land enn det andre albumet. Det er eit par songar på dette nye albumet som faktisk er veldig gamle songar som me spelte for ti år sidan då me først danna.»

Songen «She Just a Girl, Eddie» vart skriven om eks-kjærasten til Graham. Før albumet kom ut sa Graham: «Justin har skrive ein song om ekskjærasten min, som er litt flaut. Han skreiv ein song kalla 'She Just a Girl Eddie' og det er særs opplagt om om brotet med eksen min. Han nemner ikkje namnet hennar, men eg liker å spela songen. Det er ein bra song. Eg snakkar ikkje med henne, så eg veit ikkje om ho har høyrt han eller ikkje. Eg er ikkje sikker på korleis ho ville føla det.» Justin Hawkins sa om albumet «Hot Cakes har ein fin, rå kjensle slik det første albumet hadde, med stundom luksuriøse augneblink som det andre albumet hadde. Me er stolte av songane og kan ikkje venta til folk får høyra dei. Me har spelt mykje frå albumet på konsertane våre ei stund no. Kvar gong me speler ein ny song kjennes eit djupt og kraftig framstøyt i eit vanvitig kjærleiksritual mellom oss og fansen vår.» Albumet inneheld ein coverversjon av Radiohead-songen «Street Spirit (Fade Out)» og om dette sa Hawkins: «Me tok med ein Radiohead-cover fordi han hadde vore ein konsertfavoritt i lang tid, og me ønskte å gje ut vår definitive tolking.»

Mottaking

Hot Cakes fekk generelt positiv omtale av kritikarane. På nettsida Metacritic, som gjev ein vekta karakter opp til 100 basert på mainstream-kritikarar, har albumet ein score på 67/100, basert på 24 meldingar, som indikerer «generelt positive meldingar».

Allmusic-skribenten Matt Collar skreiv ei positiv melding, og skreiv: «Kanskje ingen forventa at bandet nokon gong skulle matcha det svimlande karate-kick-suksessen Permission to Land, men comeback-albumet i gruppa, Hot Cakes, er definitivt verdig å kasta meir enn nokre få djevelhorn til bandet.» NME uttalte: «Ikkje noko har endra seg, bortsett frå oppfatninga av dei. No er dei edrue, og ikkje i alles andlet heile tida, så me kan alle ta dei i godmodig, morosam and som dei alltid var meinte til.» The Guardian roste comebacket deira, og uttalte: «Viss det første kapittelet i karrieren til The Darkness vart avslutta med ein glitrande oppgang og ei vanærande oppløysing, har tilbakekomsten deira vore ein meir undervurdert og målretta affære. [...] Hot Cakes bugnar av smittande melodiar, flammande sologitar og strittande riff, Justin Hawkins sin umiskjennelege falsett legg like mykje patos og dumskap til.» The A.V. Club-skribenten Jason Heller gav albumet ei negativ melding, og sa: «Hot Cakes markerer punktet der The Darkness har slutta å kannibalisere gullalderen til stadionrock og ganske enkelt byrja å kannibalisere seg sjølv. Og trass i Hawkins sitt innbitne skrittgrep, var det aldri mykje kjøtt der til å byrja med.»

Innhald

Medverkande

The Darkness Justin Hawkins – vokal, gitar Dan Hawkins – gitar Frankie Poullain – bassgitar Ed Graham – trommer

Andre medverkande Ian Anderson – fløyte («Cannonball»)

Teknisk Nick Brine – produsent, lydteknikar Justin Hawkins – produsent Dan Hawkins – produsent Bob Ezrin – miksing, produsent (1) Justin Courtelyou – miksing Joshua Tyrell – innspelingsassistent Owen Morgan – innspelingsassistent Greg Calbi – mastering

Plateomslag Diego Gravinese – plateomslag, fotograf, digitalt arbeid, oljemåleri på lerret Thom Lessner – kunstnarisk leiar, konsept Rob Chenery på Tourist i London – design, kunstnarisk leiar

Salslister Liste (2012–13)PlasseringAustralsk ARIA Albums Chart15 Den austerrikske albumlista24Den belgiske albumlista (Flandern)124Den belgiske albumlista (Vallonia)67Den nederlandske albumlista94Den franske albumlista107Den tyske albumlista16Irish Albums Chart14 Den italienske albumlista15 Den japanske albumlista15Den spanske albumlista51Den svenske albumlista30Den sveitsiske albumlista20UK Albums Chart4UK Rock Chart1US Billboard 20043US Billboard Hard Rock Albums Chart2 US Billboard Rock Albums Chart12

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hot Cakes» frå , den 11. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Darkness-album Kategori:Musikkalbum frå 2012 Kategori:Wind-up Records-album