Norsk Høstfest er ein årleg festival som blir halden kvar haust i Minot i Nord-Dakota i USA. Han er den største skandinaviske festivalen i Nord-Amerika.
Historie Festivalen blir halden på området til North Dakota State Fair i Minot i Nord-Dakota. Titusentals folk deltar for å feire og ta del i den skandinaviske kulturen og underhaldninga. Festivalen har vore vertskap for kulturelle leiarar frå Island, Danmark, Noreg, Sverige, Finland, Estland, Grønland, Åland, Færøyane, tyskspråklege Europa og Nederland.Norsk Hostfest getting under way in Minot (Minot Daily News September 27, 2008)
Festivalen blei skipa i 1978 av den tidlegare senatoren for Nord-Dakota og borgarmeisteren i Minot, Chester Reiten (1923-2013), og ei gruppe vener som delte interessa hans for å feira den nordiske arva deira. Festivalen er ein ikkje-profiterande organisasjon som samlar inn pengar til å ta vare på, forbetra og dela skandinavisk kultur og arv og halda utdanningsprogram.
Hostfest 2020 og 2021 blei avlyst på grunn av koronapandemien.
Aktivitetar Høgdepunkt ved festivalen er mellom anna annonseringa av dei som har kome med i Scandinavian-American Hall of Fame. Hall of Fame er ein måte til å heidra folk av skandinavisk avstamming i Nord-Amerika som har oppnådd stordom i sine verkefelt, og/eller har gjort ein innsats for å forbetra tilveret til menneskja.
Andre ærestilvisingar omfattar valet av den årlege Miss Norsk Høstfest og tildelinga av Chester Award, som heidrar framifrå bidrag til festivalen i fem kategoriar: handverk, utstillar, mat, frivillig og styreleiar.
Norsk Høstfest har ei rekkje nordiske utstillingar der ulike handverkarar og kokkar tek del.
Under Høstfest-veka i slutten av september og dei fyrste dagane i oktober kjem representantar til festival til området og presenter døme på nordisk arv og kultur til lokale elevar i samband med «Høstfest In The Schools». Scandinavian Youth Camp blir halden helga før Høstfest. Barn som deltek på desse leirane opptrer også på festivalen i hendingar som Troll venleikstevling, norsk folkedans, svensk maistongdans og Troll-opptoget.
Det blir hyrt inn fleire underhaldarar kvar kveld festivalen er i gang som ikkje berre er knytte til det skandinaviske. Utøvarar har kome frå USA, Canada og Europa.Helseth, Candi Three decades of Høstfest. Minot steals the show with country’s premier Scandinavian festival (Bismarck, ND: North Dakota Horizons. Fall 2006)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norsk Høstfest» frå , den 20. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
Olson, Lori; Olson, Jim (1995) Norsk Hostfest: Heritage Comes Alive (Helena, Mt: Farcountry Press) Emch Paul Thomas (2011) The Norsk Hostfest: A Celebration of Ethnic Food and Ethnic Identity (Dallas, TX: SIL International)
News of Norway Sons of Norway North Dakota Horizons Minot Chamber of Commerce Nordmanns-Forbundet
Kategori:Skipingar i 1978 Kategori:Nord-Dakota Kategori:Norsk-amerikansk kultur Kategori:Festivalar i USA