Ali Ezzine () er ein marokkansk tidlegare hinderløpar. Han vann medalje på 3 000 meter hinder i dei største meisterskapane åra 1999-2001.

Ezzine deltok i Friidretts-VM 1999 i Sevilla, der han vart tredjemann av dei fem som spurta om medaljane i 3 000 meter hinder. To veker seinare sette han personbeste i øvinga med 8.06,7 i Berlin. 23. juni 2000 sprang han sitt fortaste hinderløp då han vart klokka inn på 8.03,5 ved eit stemne i Paris. Under dei olympiske leikane i Sydney om hausten kneip han bronsemedaljen med ei margin på 0,08 sekund. Eitt år seinare lukkast Ezzine vinne sølvmedaljen i 3 000 meter hinder i Edmonton-VM, som i Sydney vann kenyanaren Reuben Kosgei. Ezzine la opp etter 2004-sesongen

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 8.12,7 OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 8.22,1 VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 8.16,2, bakom Reuben Kosgei (8.15,1) VM 2003 i Paris: Nr 10 – 8.19,1 OL 2004 i Aten: Nr 8 – 8.15,5

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ali Ezzine» frå , den 30. juni 2022.

World Athletics

Kategori:Marokkanske langdistanseløparar Kategori:Hinderløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Marokko Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004