Guro Reiten () er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra, som spelar på det norske landslaget og Chelsea W.F.C..

Landslagskarriere Reiten har landskampar for J15, J16, J17, J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.

Allereie som 13-åring fekk Reiten vere med J15-landslaget då dei skulle spele kamp i Kristiansund. Dei kommande åra var ho med på alt av dei yngre landslaga. Ho var med å vinne EM-sølv med J19-landslaget i 2011, og vart etter kvart kaptein på J19-landslaget.

Reiten fekk debuten på A-landslaget i januar 2014 på La Manga. Ho vart teken ut i sin fyrste meisterskapstropp til EM i Nederland 2017.Guro Reiten hos kfl.no, fanssidene til Kanarifansen, sist lest den 5. november 2017. Under VM i Frankrike 2019 scora hun Noregs fyrste mål i opningskampen mot Nigeria, og vart kåra til banens beste spelar.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Guro Reiten» frå , den 8. juli 2022.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske kvinnelandslagsspelarar i fotball Kategori:Folk frå Sunndal