Godfrey Khotso Mokoena () er ein sørafrikansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i lengdehopp og tresteghopp. Han vann sølvmedaljen i lengde-tevlinga både under Sommar-OL 2008 og i Friidretts-VM 2009.

Aktiv Åra 2005-15 var Mokoena ein av verdas beste lengdehopparar. Han var på sitt aller sterkaste sesongane 2008 og 09. Våren 2008 vann han øvinga ved innandørs-VM i Valencia med eit hopp på 8,08 meter. Under dei olympisk leikane 2008 i Beijing strekte han seg til 8,24 m, nok til å ta sølvmedaljen. I byrjinga av juli 2009 presterte han 8,50 meter og livsbeste ved eit storstemne i Madrid. Sju veker seinare hoppa han nesten like langt under verdsmeisterskapen i Berlin, med 8,47 m sikra han seg sølvmedaljen med god margin.

Mokoena var elles ein framifrå tresteghoppar som i 2005 sette personleg rekord med eit hopp på 17,35 meter. Sesongen 2014 vann han øvinga både under samveldeleikene i Glasgow og i afrikameisterskapen i Marrakech.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (16,32 m=nr 29) VM 2005 i Helsinki: Nr 7 i lengdehopp – 8,11 m VM 2007 i Osaka: Nr 5 i lengdehopp – 8,19 m OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje i lengdehopp – 8,24 m, bakom Irving Saladino (8,34 m) VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje i lengdehopp – 8,47 m, bakom Dwight Phillips (8,54 m) VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa i lengdehopp (8,00 m=nr 15) OL 2012 i London: Nr 8 i lengdehopp – 7,93 m VM 2013 i Moskva: Nr 7 i lengdehopp – 8,10 m VM 2015 i Beijing: Nr 9 i tresteghopp – 16,81 m. Utslått i kvalifiseringa i lengdehopp (7,98 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (16,51 m=nr 21)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Godfrey Khotso Mokoena» frå , den 9. juli 2022.

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Sørafrikanske lengdehopparar Kategori:Sørafrikanske tresteghopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sør-Afrika Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016