Edinburgh International Festival er ein årleg kulturfestival i Edinburgh i Skottland som føregår spreidd over dei siste tre vekene av august. Kjende personlegdommar frå den internasjonale musikkverda, sæleg innan klassisk musikk, og frå utøvande kunst blir inviterte til festivalen. Det blir også halde utstillingar, førelesingar og workshops.

Den fyrste festivalen, kalla International Festival of Music and Drama, føregjekk frå 22. august til 11. september 1947. Den fyrste direktøren for festivalen, den austerriksk-fødde impresarioen Rudolf Bing, innførte eit variert program med orkester-, kor- og kammermusikk, lieder og annan song, opera, ballett, drama, film og skotsk sekkepipemusikk og dansing ved Edinburgh Castle Esplanade. Denne strukturen blei følgd i påfølgjande år.

Festivalen er blitt halden årleg sidan 1947, bortsett frå i 2020, då han blei avlyst på grunn av koronapandemien. Ei mindre utgåve av festivalen blei halden i 2021.

Festivaldirektørar

1947–1949: Sir Rudolf Bing, austerriksk-fødd operaimpresario som blei leiar for Metropolitan Opera 1950–1955: Sir Ian Hunter, britisk impresario for klassisk musikk 1956–1960: Robert Ponsonby, britisk musikkadministrator og BBC-leiar 1961–1965: George Lascelles, 7. jarl av Harewood, britisk operaadministrator som arbeidde ved Royal Opera House, English National Opera og Opera North 1966–1978: Peter Diamand, Berlin-fødd kulturleiar 1979–1983: Sir John Drummond, britisk kulturleiar og leiar for BBC Radio 3 1984–1991: Frank Dunlop, britisk teaterregissør 1992–2006: Sir Brian McMaster, britisk kulturleiar som arbeidde ved Welsh National Opera Oktober 2006–2014: Sir Jonathan Mills, australsk komponist og kulturleiar Oktober 2014–2022: Fergus Linehan, irsk teaterprodusent og musikkleiar Oktober 2022–: Nicola Benedetti, skotsk fiolinist

Urframføringar Det er blitt halde fleire urframføringar ved Edinburgh International Festival, som T. S. Eliot sine The Cocktail Party og The Confidential Clerk i 1949 og 1953 og James MacMillan sin 2018-versjon av Quickening og Symphony No. 5, begge i 2019.

Festivalstader lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2f/The_Usher_Hall%2C_Edinburgh.JPG/220px-The_Usher_Hall%2C_Edinburgh.JPG|mini|Usher Hall, den viktigaste framføringsstaden ved Edinburgh International Festival Dei viktigaste framføringsstadene ved festivalen er:

Usher Hall (kapasitet rundt 2200), konserthus, bygd i 1914, brukt av festivalen sidan 1947. Kings Theatre (1300), opna i 1906, brukt av festivalen sidan 1947, særleg for opera. Royal Lyceum Theatre (658), opna i 1883, brukt av festivalen sidan 1947, særleg for dramatikk. Festival Theatre (1915), går tilbake til 1892, opphavleg eit musikal- og operahus kalla Empire Theatre. Brukt av festivalen sidan 1947, fyrst for ballett. Bygd om i 1994 og no brukt for festival-opera og ballett. The Queen's Hall (920), ombygd kapell, opna som konserthus i 1979, ofte brukt av Scottish Chamber Orchestra. The Hub (420), opphavleg bygd som Tollbooth Church (1842–44) for General Assembly of the Church of Scotland. Ligg på Castlehill, like under Edinburgh Castle, med eit høgt gotisk spir som der det høgaste punktet i sentrale Edinburgh (utanfror borga). Brukt sidan 1999 som sentralt billettsal og informasjonssenter for festivalen, og som konsertstad. The Dunard Centre (1000), eit nytt konserthus.

Andre festivalar i Edinburgh lenkje=//upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a4/Former_Tolbooth_Church%2C_Castlehill%2C_Edinburgh.JPG/170px-Former_Tolbooth_Church%2C_Castlehill%2C_Edinburgh.JPG|venstre|mini|Spiret til The Hub, sett frå Johnston Terrace Det blir halde kring ti andre festivalar i Edinburgh på omtrent same tid som den internasjonale festivalen. Heile gruppa blir omtalt samla som Edinburgh Festival eller Edinburgh Festivals.

Den best kjende av desse er Edinburgh Festival Fringe, som byrja som ein utløper av den internasjonale festivalen det første året han blei halden (utan å då ha dette namnet). Han har sidan vokse til å bli den største kunstfestivalen i verda.

Edinburgh International Film Festival blei også fyrst halden i august 1947, med dokumentarfilmar på programmet. På 1990-talet blei festivalen flytta til juni. 1966 Writers' Festival starta av John Calder, Richard Demarco, Jim Haynes, grunnleggjarane av Paperback Bookshop og Traverse Theatre, førte etterkvart til skipinga av Edinburgh International Book Festival, som blir halden i august.

Den britiske hæren sitt ønske om å syna seg fram førte til det sjølvstendig arrangementet av den fyrste Edinburgh Military Tattoo, med sekkepipespel og dansing, i 1950. Denne årlege hendinga er no gjerne rekna som del av den offisielle festivalen, sjølv om ho blir arrangert separat.Bruce, Festival in the North (1975), p. 31.

Alle desse arrangementa gjer at det blir halde over 2500 framsyningar og hendingar kvar dag i Edinburgh i august. Dette skal gjera han til mange gonger større enn noko anna samling av kulturfestivalar i verda.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Edinburgh International Festival» frå , den 8. august 2022.

Bakgrunnsstoff

Edinburgh Festival City Guide to 10 festivals Listings and reviews at The List ThreeWeeks a guide to the Edinburgh Festival A History of the Edinburgh Festivals National Library of Scotland: SCOTTISH SCREEN ARCHIVE (selection of archive films about the Edinburgh Festival)

Litteratur

Kategori:Skipingar i 1947 Kategori:Edinburgh Kategori:Musikkfestivalar i Storbritannia Kategori:Festivalar i Skottland