David Peebles [Pables] (d. 1579?) var ein skotsk komponist av religiøs musikk.
Liv Ein kjenner til lite om livet hans, men dei fleste av verka han skreiv stammar frå mellom 1530 og 1576. Peebles var kannik ved det augustinske klosteret St Andrews til den skotske reformasjonen (1559–60). Etter å ha forlate klosteret i samband med reformasjonen verker det som om han gifta seg og fekk to barn. Han døydde ei viss tid før 1592, ettersom testamentet til kona hans frå dette året omtalar henne som ein etterlaten eller "relict" etter Peebles, og nemner to ektefødde søner, Andrew og Thomas.Ross, D James. "Peebles, David". Oxford Dictionary of National Biography online
Verk Den best kjende komposisjonen hans er Si quis diligit me (med tekst frå Joh. 14:23), ein motett for fire stemmer (SATB). Han blei skriven rundt 1530 og presentert til Jakob V av Skottland, som "being a musitian ... did lyke it verray weill".Ross, D James. "Peebles, David". Oxford Dictionary of National Biography online Francy Heagy la til ei alt-røyst til motetten rundt 1547, og denne er med i dei fleste nyare utgåver.
I 1560-åra, etter reformasjonen, fekk Peebles i opprdag frå James Stewart, jarlen av Moray og den uektefødde sonen til Jakob V, å tonesetja Salmane i fire delar. 105 av desse komposisjonane blei laga for bruk i skotske kyrkjer.Elliott, Kenneth. "Peebles, David". New Grove Dictionary of Music and Musicians online.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Peebles» frå , den 4. september 2022.
External links
Entry on Scottish composers at The Art of Music; mentions Peebles "Account of the Scottish Psalter of A.D. 1566" from Proceedings of the Society of Antiquaries of Scotland, April 1868 (requires Acrobat Reader) Kategori:Døde i 1570-åra Kategori:Fødde på 1500-talet Kategori:Renessansekomponistar Kategori:Skotske komponistar