Andromákhi Dimitropoúlou (), kjend under artistnamnet Andromache, er ein gresk songar. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Ela».

Bakgrunn Dimitropoúlou vart fødd i Siegen i Tyskland, men familien flytta til Lekhená i Hellas då ho var ti år gammal. Seinare flytta ho til Athen, der ho studerte tysk filologi ved Universitetet i Athen. Om kveldane song og opptredde ho på utestader og konsertlokale rundt om i hovudstaden.

Dimitropoúlou vart kjend for eit større publikum i 2015, då hun deltok i den andre sesongen av The Voice of Greece. Ho vann ikkje talentshowet, men to år etter sikra ho seg ein platekontrakt med Panik Records. Same år slapp ho sin fyrste singel, «» (; månen).

Den 9. mars 2022 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren CyBC at dei hadde vald Dimitropoúlou til å representere Kypros under Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Ho konkurrerte med låten «Ela», men vart slått ut i semifinalen.

Diskografi Singlar 2017 – «To feggári» 2018 – «Den mporó» 2019 – «Den se diálexa» 2019 – «Na ´Soun Pséma» 2020 – «S´ agapó» 2020 – «Thalassáki» 2021 – «Vásano mou» 2022 – «Ela»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andromache» frå , den 5. november 2022.

Kategori:Greske songarar Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar