Thale Rushfeldt Deila () er ein norsk handballspelar frå Lier. Ho spelar sidan 2023 for danske Odense Håndbold. Deila vart europameister 2022 og olympisk meister 2024 med Noreg.

Ho er dottera til fotballtrenaren Ronny Deila og tvillingsystera til handballspelaren Live Rushfeldt Deila. Den tidlegare fotballspelaren Sigurd Rushfeldt er onkelen hennar.

Karriere Klubb Deila var i dei tidlege tenåra fotball-spelar på Sparta/Bragerøen og Stoppen Sportsklubb, og handball-spelar på Reistad Idrettslag. 8. februar 2017 fekk ho sin eliteseriedebut for Glassverket i Eliteserien i handball. I 2018 signerte Deila med Fredrikstad, der ho spelte tre sesongar før ho melde overgang til Molde i 2021.

Landslag Deila debuterte for Noreg 21. april 2022. Ho fekk plass i Noregs tropp til Handball-EM 2022 for kvinner. I fleire av EM-kampane imponerte ho med godt forsvarsspel og deltok i EM-finalen. Ved utgangen av 2022står ho med 16 landskampar og 15 mål.

Merittar landslag EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thale Rushfeldt Deila» frå , den 16. november 2022.

Bakgrunnsstoff Thale Rushfeldt Deila på Noregs Fotballforbund Thale Rushfeldt Deila på Noregs Handballforbund Landskampar

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Folk frå Lier