mini|Moderne menstruasjonsbind Menstruasjonsbind, mensbind, damebind, sanitetsbind eller berre bind er vatterte stoffbind som skal suga opp blod og utflod, særleg under menstruasjon. Moderne menstruasjonsbind er eingongsbind som blir lagt i trusa og blir kasta etter bruk. Det er også mogleg å bruka vaskbare bind som kan brukast fleire gonger.
Menstruasjonsbind kan òg brukast ved andre tilstandar, til dømes hos kvinner som nyleg har fødd eller pasientar med utflod eller blødningar.
Dei fleste produsentane av eingongsbind tilbyr følgjande typar: normal, normal med vingar, lang, lang med vingar og nattbind. Ein kan òg velja mellom ultra- eller maxibind. Miljø- og ressursvennlege tøybind som kan vaskast og brukast om igjen, kan kjøpast ferdig eller syast sjølv.
Andre former for menstruasjonsvern er tampong, ein absorberande bomullshylse som blir ført inn i skjeden, mensbeger/menskopp, ein mjuk kopp som blir boren i skjeden og blir tømd jamleg, eller mensundertøy, underbukser med innsydd bind som kan brukast fleire gonger.
Historie mini|Tysk instruksjon for å laga ein variant av «periodebind», frå boka «Kvinna som huslege» (utgitt 1911) Fram til 1940-talet strikka, hekla eller sydde dei fleste kvinnene i Noreg sine eigne mensbind.Søkbar digitalkopi av Om renslighet : hygienen gjennom tidene (utgitt 1978) side 14Søkbar digitalkopi av Inger-Lise Finstad: Norske damer gjennom hundre år (utgitt 1999) Dette var klutar og stofflappar som dei måtte vaska. Det blei òg brukt andre, improviserte og billege løysingar for å samla opp blodet.
Dei fyrste fabrikkproduserte damebinda kom like før 1900. I 1920 lanserte det amerikanske selskapet Kimberly-Clark produktet «Kotex», det fyrste mensbindet ein kunne kasta etter bruk. Materialet i eingongsbindet var laga av papirmasse, hadde fire gongar betre sugeevne enn bomull, og var høvesvis billeg. Det blei opphavleg utvikla til bruk i bandasjemateriell for såra soldatar under første verdskrigen, men materialet skifta bruksområde då produsenten ville utnytta produksjonskapasiteten etter freden hausten 1918.Inventions That Flourished Thanks to WWI: 1. Sanitary Pads Kimberly-Clark følgde opp med «Kleenex», eingongslommetørklede i papir, i 1924. mini|Vaskbart gjenbruksbind med trykknapp. mini|Truseinnlegg. Ein byrja laga moderne menstruasjonsbind i Noreg etter andre verdskrigen. Rimelege og effektive eingongsbind blei vanlege i løpet av 1950- og 1960-åra.
I Noreg gjekk bindproduksjon mellom anna ved bedrifta A/S SABA i Tønsberg.Fylkesarkivet i Vestfold om SABA I 1954 utvikla SABA «Saba de-Luxe – bindet med bomull» som var dyrt, men skulle vera betre enn det til konkurrentane.Historisk informasjon om Tønsberg Nyvinningane førte til auka sal frå denne produsenten, som selde 400 000 10-pakninger i 1954 og ca. 4,5 millionar 10-pakninger i 1960.
Tidlege eingongsbind blei brukt saman med eit diskret hoftebelte eller festa med nåler eller spenner. Sidan kom mellom anna «Saba Self Sit», bind som ikkje skulle knytast fast, men i staden hadde eit lag skumgummi for å halda seg på plass i tettsitjande underbukser.Bilderesultat på søkeordet «A/S Saba» i Digitalt museum Nyare typar brukte dobbeltsidig teip.
Fram til 1960-åra var menstruasjon nokså tabubelagt som det var upassande å snakka offentleg om. På 1950-talet blei ikkje menstruasjonsprodukt stilde ut i butikkar, men selt diskret under disken. Nokre hadde òg vara i gråpapir.Søkbar digitalkopi av Inger-Lise Finstad: Norske damer gjennom hundre år (utgitt 1999) Fram til rundt 1960 blei mensvern stort sett selt på apotek og i damekonfeksjonsforretningar, men etterkvart blei dei vanlege i norske daglegvarebutikkar.Søkbar digitalkopi av Inger-Lise Finstad: Norske damer gjennom hundre år (utgitt 1999) mini|Bind og tampongar til sals i ein daglegvarehandel i Noreg 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sanitetsbind» frå , den 17. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Museum of Menstruation (på engelsk)
Kategori:Toalettartiklar Kategori:Reinsemd Kategori:Gynekologi