«The Show» er ein song frå 2022 med det dansk-svenske punkrock-bandet Reddi. Songen vann Dansk Melodi Grand Prix 2022 og var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «The Show» er skriven av Reddi-medlemmane Ihan Haydar og Siggy Savery. Dei har skrive songen saman med Julia Fabrin, som også var med på å skrive Eurovision-vinnaren «Only Teardrops». Låtskrivarane Chief 1 og Remee har også bidrege på låten: begge har vunne Dansk Melodi Grand Prix tidlegare.

«The Show» vart plukka ut til å delta i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2022 laurdag 5. mars på DR1. I tevlinga gjekk Reddi vidare til superfinalen, der dei til slutt vann med 37 prosent. I etterkant av tevlinga vart «The Show» møtt med negative kritikkar frå danske musikkmeldarar og Eurovision-ekspertar.

Gjennom sigeren i Dansk Melodi Grand Prix vart «The Show» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai, der han rauk ut etter å ha vorte nummer 13 av 17 bidrag. Dette var andre år på rad at Danmark vart slått ut i semifinalen.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «The Show (Reddi-sang)» frå , den 4. desember 2022.

Kategori:Danske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Dansk Melodi Grand Prix-songar