«Guilty Pleasure» er ein song frå 2022 som vert framført av den kroatiske songaren Mia Dimšić. Songen er skriven av Dimšić sjølv, saman med Vjekoslav Dimter og Damir Bačić. Songen vann den kroatiske songtevlinga Dora 2022 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen Dora og Eurovision Song Contest I desember 2021 kunngjorde den kroatiske ålmennkringkastaren HRT at «Guilty Pleasure» var blant dei fjorten bidraga som var plukka ut til Dora 2022, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2022. Songen er skriven av Damir Bačić, Vjekoslav Dimter og songaren Dimšić.
I den kroatiske finalen laurdag 19. februar 2022 vann «Guilty Pleasure» både jury- og telefonavrøystinga og enda samla på fyrsteplass med 257 poeng. Som vinnar vart «Guilty Pleasure» det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Der tevla han i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai.
«Guilty Pleasure» vart sloppen 10. februar 2022, ti dagar før den nasjonale finalen. Sidan vart songen utgjeven på selskapet Croatia Records for strøyming og nedlasting 20. februar 2022, dagen etter den nasjonale finalen.
«Guilty Pleasure» deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022. Låten enda som nummer 11 av 17 bidrag, og sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.
Plagiatskuldingar I eit intervju med tv-kanalen RTL Danas fortalde Dimšić at Taylor Swift-albuma Folklore og Evermore var dei store inspirasjonane bak songen. Kort tid etter skulda fleire Twitter- og TikTok-brukarar Dimšić for å ha plagiert Swift-songen «Willow» frå 2020. Dimšić avviste at ho hadde plagiert, men tok i staden samanlikninga som eit kompliment, sidan ho er ein stor fan av Swift.
I eit radiointervju 25. februar 2022 framførte Dimšić ei blanding av «Guilty Pleasure» og Swift sin song «Willow», og kalla songen for «Guilty Willow». All blesten og merksemda førte til at «Willow» entra Billboards Croatia Songs-hitliste på niandeplass 5. mars 2022. «Guilty Pleasure» har også toppa den kroatiske airplaylista.
Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Kroatia (HR Top 40)1
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Guilty Pleasure (Mia Dimšić-sang)» frå , den 4. desember 2022.
Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar