«Hope» (norsk omsetjing 'håp') er ein estisk countryballade frå 2022 som vert framført av songaren Stefan Airapetjan. Songen vart det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022, etter at han vann den estiske finalen Eesti Laul 12. februar 2022. Airapetjan skreiv songen saman med Karl-Ander Reismann.
Om songen «Hope» er ein country-inspirert popballade med trekk til musikken brukt i western-filmer frå 1950-åra. Musikkvideoen vart spela inn i Tabernasørkenen i Almería i Spania.
Songen var eit av bidraga til den estiske songtevlinga Eesti Laul, der vinnaren får representere Estland i Eurovision Song Contest. «Hope» deltok i den tredje kvartfinalen av Eesti Laul i desember 2021. Der kvalifiserte songen seg til finalen 12. februar 2022, som han til slutt vann. Som vinnar vart «Hope» det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. I Eurovision Song Contest deltok han i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Der enda han på ein femteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen var Airapetjan og songen «Hope» det siste bidraget på scena og enda til slutt på ein 13. plass av 25 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2022)Høgasteplassering Estland (Radiomonitor) 1 Island (Plötutíðindi) 35 Litauen (AGATA)28 Nederland (Single Tip)20 Storbritannia (UK Download (OCC))47 Sverige (Sverigetopplistan)87
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hope (Stefan Airapetjan-sang)» frå , den 10. desember 2022.
Kategori:Songar frå 2021 Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar