Kamerunfjellet er eit fjell som er ein av dei største og mest aktive vulkanane i Afrika. Det er det høgaste fjellet i Kamerun, og ligg i nærleiken av kysten inst i Guineabukta. Det høgaste punktet blir kalla Fako. Fjellet ligg på Kamerunlinja, ei lang kjede av vulkanske fjell som strekker seg ut i Guineabukta og omfattar fleire øyar der, som São Tomé og Príncipe. På den sørlege hellinga av fjellet, mot kysten, er tvillingtoppen Etinde, som også er kjend som Vesle Kamerun.

I det 5. hundreåret f.Kr. observerte den kartagiske navigatøren Hanno eit vulkanutbrot her. Fjellet hadde utbrot seks gongar på 1900-talet. I 1922 nådde ein lavastraum heilt til Guineabukta, og i 1999 stoppa ein straum berre 200 meter frå kysten. Nylege utbrot var i 1999, 2000 og 2012.

Kvart år held ein løpet Mount Cameroon Race of Hope til toppen av fjellet. Dei beste når toppen på 4 timar og 45 minutt. Turistar som vil klatra til toppen, må ha med ein guide.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kamerunfjellet» frå , den 3. februar 2023.

Kategori:4000 m-toppar Kategori:Vulkanar i Afrika Kategori:9°E Kategori:4°N Kategori:Fjell i Kamerun