Ida Marie Hagen () er ein norsk kombinertløpar og skihoppar som representerer Haslum IL. Ho debuterte i verdscupen i kombinert 3. desember 2021.
Hagen har fleire andreplassar i verdscupen: Dei to fyrste kom 11. og 12. desember 2021, i Otepää, den neste 3. desember 2022 på Lillehammer. Hagen vart nummer to samanlagt i verdscupen i kombinert 2021/22, bak Gyda Westvold Hansen.
I VM 2023 i Planica kom Hagen på fjerdeplass i normalbakke/5 km, og ho deltok på det norske laget som tok gull på blanda lagkonkurranse.
Ida Marie Hagen er storesystera til Mille Marie Hagen, som også er kombinertløpar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ida Marie Hagen» frå , den 2. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Profil på nettstaden til FIS (kombinert) Profil på nettstaden til FIS (skihopping)
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2023