Knut Vartdal d.y. () er ein norsk siviløkonom og tidlegare fiskeridirektør.
Liv og virke Vartdal er utdanna siviløkonom fra NHH i 1966 og arbeidde deretter som vitskapleg assistent ved Norges Handelshøyskole (NHH) og som salsstyresekretær i Noregs Sildesalslag. Frå 1968 til 1971 var han statssekretær i Fiskeridepartementet i Regjeringa Borten under fiskeriminister Einar Moxnes. I oktober 1972 vart han direktør i Norges Fiskeriforskningsråd, men alt 4. november same året vart han på nytt statssekretær i Fiskeridepartementet under fiskeriminister Trygve Olsen i Korvald-regjeringa.
Fra 1973 til 1977 var han vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet frå Møre og Romsdal. Han var fiskeridirektør fra oktober 1973 til oktober 1978. Deretter var han dagleg leiar av Vartdal Fiskeriselskap AS og flytta attende til Ålesund.
Vartdal har hatt ei rekkje verv i fiskeriorganisasjonar, som Noregs Sildesalslag og Fiskebåtredernes Forbund. Han har og vore direktør i Akers Managment Teams fiskeriprosjekt i Ghana.
Fiskeripioneren Knut Vartdal var farfar hans.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Knut Vartdal (1940)» frå , den 6. mars 2023. Wikipedia på bokmål oppgir desse kjeldene Knut Vartdal 75 år - Omtale i Aftenposten 1. oktober 2015 Knut Vartdal 70 år - Omtale i Aftenposten 1. oktober 2010 Knut Vartdal i Hvem Hva Hvor 1974 side 171
Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Borten Kategori:Statssekretærer i Regjeringen Korvald Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Norske embets- og tenestefolk