Krukkeperleblom (Muscari armeniacum) er ei plante i perleblomslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Balkan og Vest-Asia.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen forvilla i 1962 og er i auke. Krukkeperleblom er registrert spreidde stader langs kysten frå Østfold til Møre. Ein del funn som er registrerte som perleblom, kan syne seg å vere krukkeperleblom. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Perleblomslekta