Nikkestjerne (Ornithogalum nutans) er ei plante i fuglestjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Balkan og Vest-Asia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1897. Arten er sjeldan dyrka i dag, men han er bufast og veks spreidde stader langs kysten frå Østfold til Kristiansand. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO), oppgradert frå ingen kjend risiko (NK) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fuglestjerneslekta