Spansk klokkeblåstjerne (Hyacinthoides hispanica) er ei plante i klokkeblåstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Sørvest-Europa og Nordvest-Afrika.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1929. Arten er i auke og veks spreidde stader langs kysten og i dalstrøk frå Østfold til Rogaland, kanskje òg vidare nordover til Møre. Ein del funn kan vere forveksla med hybridklokkeblåstjerne. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Klokkeblåstjerneslekta