Snøstjerne (Scilla forbesii) er ei plante i snøstjerneslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå det vestlege Tyrkia. Arten var tidlegare rekna til slekta Chionodoxa med namnet C. forbesii.

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1978. Arten er i auke og veks talrike stader i kyststrøk og låglandet til Troms. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.

Det er gjort funn av hybridar med storsnøstjerne (S. forbesii × S. luciliae) frå Oslo til Drammen. Denne finst truleg mange fleire stader.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Snøstjerneslekta