Aasa Helgesen (fødd Røinesdal, ) var ei norsk jordmor og politikar som vart den fyrste kvinnelege ordføraren i Noreg. Ho var ordførar i Utsira kommune i Rogaland frå 1926 til 1928.

Bakgrunn Helgesen vaks opp på husmannsplassen Røinesdal i Vest-Agder, tok teneste hos ein bonde, men fekk hjelp til å reise til Kristiania og jordmorutdanninga der. Ho var ferdig utdanna i 1902, og fekk året etter arbeid som jordmor på Utsira. Der møtte ho fiskaren Sivert Helgesen, og dei gifta seg i 1907. Sivert var borte store delar av året, og som einaste helsearbeidar på øya tok ikkje Aasa berre imot vel 400 barn som jordmor; ho verka også iblant som lækjar.

Politikk Då Utsira vart ein sjølvstendig kommune i 1926, vart elleve kvinner og ein mann valde inn i kommunestyret

Kommunestyret på Utsira i 1926 bestod av elleve kvinner og ein mann. Bakgrunnen var at ein radioassistent hadde sett opp ei rein kvinneliste, moglegvis som ein spøk.Geir Heljesen: Norges første kvinnelige ordfører NRK, 12. juni 2003 Aasa vart ordførar, som etterfølgjar etter - og seinare etterfølgd av - ektemannen Sivert.

Då Helgesen vart vald til ordførar i 1926, var dette ei nyheit som gjekk verda rundt, og det vart sendt gratulasjonstelegram frå ei rekkje internasjonale kvinneorganisasjonar. Ho var også den fyrste kvinna i Noreg som deltok i fylkestinget.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aasa Helgesen» frå , den 9. mars 2023.

Kategori:Norske politikarar Kategori:Ordførarar i Utsira Kategori:Folk frå Marnardal