Hybridsnøklokke (Galanthus ×valentinei) er ei plante i snøklokkeslekta i påskeliljefamilien. Arten er ein hagehybrid med snøklokke og kantsnøklokke som foreldreartar (G. nivalis × G. plicatus).
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1911. Arten finst spreidde stader i låglandet og i kyststrøk frå Austlandet til Bergen. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Snøklokkeslekta