Bever (Castor fiber), også kalla eurasisk bever, er éin av berre to gjenlevende artar med gnagarar (Rodentia) i slekta Castor, som er den einaste slekta i beverfamilien (Castoridae) med nolevande artar. Arten er terrestrisk og semi-akvatisk, og er kjend for trefellande aktivitet i og oppdemming av vassløp i naturen (særleg i bekkefar og små elvar), til såkalla beverdammer som overfløymer området rundt. Arten er utbreidd i sentrale delar av den palearktiske sona, medrekna Noreg.

Ordsoge venstre|mini|Med dei formidable framtennene sine kan beveren fella eit tre med ein diameter rundt 15–20 cm i løpar av eit kvarters tid Ordet «bever» er innlånt frå mellomnedertysk og har nesten heilt fortrengt det heimlege ordet bjor, som kjem frå det norrøne bjórr.Geir T. Zoëga, A Concise Dictionary of Old Icelandic, s.v. "bjórr 3" (London, England: Oxford University Press, 1910), 56. Norske stadnamn med Bjor- eller Bjør- som fyrsteledd kan vera knytt til førekomstar av bever.bjor- i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 30. september 2020 fra https://snl.no/bjor-

Taksonomi Amerikabever (C. canadensis) og bever er dei to siste av slaget sitt på kloden. Alle andre beverar er anten blitt utrydda eller har døydd ut naturleg. Dei to skilde truleg lag for kring 7,5 millionar år sidan, då beveren koloniserte Nord-Amerika frå Asia, via landsbrua som oppstod over Beringsundet.

Beveren skil seg ikkje vesentleg frå den amerikanske slektningen sin, verken i utsjånad eller levesett. Amerikabever er ein dørstokkart i Noreg. I 1937 blei han nemleg utsett i Søraust-Finland, der han klarte seg klart betre enn lokal bever, og auka betydeleg i tal i høve til den heimlege beveren. Amerikabever blei òg freista utsett i Finnmark i 1964-1965, men ei undersøking i 2017 kunne ikkje bekrefta at arten framleis var til stades. Med bakgrunn i finske forhold, meiner nokon det er mogleg at amerikabever kan utkonkurrera den innfødde beveren dersom han invaderer Noreg og Sverige, sidan han har høgare forplantingsrate. Hybridisering kan likevel ikkje skje, sidan dei to artane har forskjellige tal kromosom (bever har 48 kromosompar medan amerikabever har 40 kromosompar).

Biologi venstre|mini|Osp felt av bever ved Farriskilen. venstre|mini|Beverdemning mini|Ei beverhytta blir ofte plassert i vasskanten, særleg i elvar. Ho har alltid minst to inn-/utgangar, som begge ligg under vasspegelen mini|Nokre beverar plasserer beverhytta uti dammen, med vatn på alle kantar mini|Beverar grev òg ut jordhòler som bustad, og i dette tilfellet òg ein vassfylt kanal som ein tryggleiksfunksjon.

Skildring Beverane er dei største gnagerne på den nordlege halvkula, og berre det søramerikanske flodsvinet (Hydrochoerus hydrochaeris) blir større i heile verda.Christensen, Tor Bjarne (2013) Reddet i tolvte time . Natur & miljø, Naturvernforbundet, 22.03.2013.

Den eurasiske beveren har ei kroppslengd på inntil 80–100 cm og veg normalt 15–25 kg (typisk 18–22 kg), og sjeldan òg opp mot 30–40 kg. I Namdalseid i Trøndelag blei det til dømes i 2017 skote ein bever som vog heile 34 kg, noko som truleg er noregsrekord.Langseth, Marit (2017) Tok bever på 34 kilo - kan være norgesrekord. NRK Trøndelag, 2. mai 2017. Besøkt 2020-04-28 I tillegg til kroppslengd kjem den flate, kraftige og skjelkledde halen med cirka 28–32 cm (30 cm i snitt). Hoer blir i snitt cirka 1–1,5 kg tyngre enn hannar, men dei er umoglege å skilja frå kvarandre med det blotte auget, så lenge ikkje hoa er høggravid eller diegjevande. Beverar skjuler nemleg dei ytre kjønnsorgana sine og analopninga i ein ytre hudfold, som kan minna om ein kloakk.Placentale høyerestående pattedyr – Familien Bevere (Castoridae). Institutt for biovitenskap, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, UiO, 15. jan. 2019.

Kroppen er tett, kraftig og massiv, og hovudet og nakken er massive og går nærast i eitt med resten av kroppen. Kjevar og kjevemuskulatur er særs kraftfulle, og dei formidable fortennene, som er arbeidsreiskapen til beveren, veks kontinuerleg gjennom heile livet. Øyra svært små og tilnærma skjult av den tette vassavstøtende pelsen. Både øyre og nasebor kan lukkast når beveren dykkar, medan dei relativt små øyane blir dekte av ein vernande membran. Dei fremre ekstremitetane er korte og ganske spinkle, men hendene har gripeeigenskapar og fingrane er utrusta med sterke klør. Bakbeina er noko lengre og ganske kraftige, og bakføtene er utrusta med symjehud mellom dei lange tærne, som også er utrusta med lange klør.

Den tette to-lagspelsen skiftar i nyansar av brunt, frå gulbrun og raudbrun til nøttebrun og gråbrun, og består av svært tettveksande (cirka 12 000–23 000 pelshår per kvadratcentimeter, avhengig av årstida) og godt isolerande underull og lange oljeaktige stivare dekkhår, som blir litt mørkare mot tuppane.Pollock, M.M., G.M. Lewallen, K. Woodruff, C.E. Jordan and J.M. Castro (Editors) 2018. The Beaver Restoration Guidebook: Working with Beaver to Restore Streams, Wetlands, and Floodplains. Version 2.01. United States Fish and Wildlife Service, Portland, Oregon. 189 pp. Online at: http://www.fws.gov/oregonfwo/ToolsForLandowners/RiverScience/Beaver.asp Halen har tett pels nær rota, men huda er dekt av eit mørkt skjelliknande hornstoff frå der halen flatar ut og dannar den karakteristiske padleåre-liknande delen av halen. Feittet i halen fungerer som opplagsnæring for beveren utover vinteren. Sanseapparatet er velutvikla, bortsett frå synet, som er dårleg. Luktesansen er likevel spesielt velutvikla.

Beverar har ei krum, såkalla hypsodont (tenner med opne røter som fortset veksa gjennom heile livet) fortann i kvar kjevehalvdel, men ingen hjørnetenner. Dei har likevel vanlegvis fire hypsodonte jekslar, som har kroner som kan vera dekt av sement. Det er emalje berre på framsida av fortennene, og dessutan emalje og dentin på tyggeflatene til jekslane. Når beveren tygg blir underkjeven ført fram og tilbake, slik at plantefibrane blir malne opp. Tennene blir nydanna frå rota gjennom heile livet til beveren, slik at dei held på lengda over tannkjøttet.Fosse, Gisle (2009)Tenner og tannbestemmelse hos vanlige norske pattedyr. Naturhistorisk museum, UiO, 5. feb. 2009.

Tannformelen til beverar er: 1 0 1 3/1 0 1 3 = 20.

Åtferd Bever er en semi-akvatisk territorial art som berre lever i ferskvatn. Han lever i små sosiale familiegrupper som består av foreldra og eventuelle ungar frå årets og eventuelt også fjorårets kull og av og til også tidlegare kull. Berre foreldrene formeirer seg, sjølv om ungane er blitt kjønnsmogne. Territoriet blir markert med luktstoff frå bevergjelpungen og analkjertlane, og arten vil forsvara territoriet sitt heftig mot inntrengarar frå ei anna familiegruppe. Arten er mest aktiv om natta, men ein kan også sjå han på dagtid, særleg i grålysinga og skumringa. Dyret er ein uvanleg god symjar, men på land beveger han seg mindre effektivt. Den padleåre-forma halen blir brukt både til framdrift i vannet og som eit effektiv varslingsverktøy. Beveren slår i vassflata med den flate halen når han merkar fare og vil varsle dei andre, og smellet av halen er ganske kraftig.

Beveren er ein særs god dykkar, og det blir hevda at han kan opphalda seg under vatn i opptil 15 minutt. Ei norsk doktoravhandling frå 2017 bekreftar likevel at beveren dykkar både kortare, sjeldnare og grunnare enn ein tidlegare hadde trudd. Studien omhandla 33 beverar (19 hannar og 14 hoer) som blei utrusta med tri-aksial akselerometer og GPS-system, slik at ein kunne studera åtferda kontinuerleg. Metoden var i stand til å identifisera sju ulike åtferdstypar; ståande, gåing, symjing, fôring, pelsstell, dykking og søvn. Det viste seg at beverane i snitt berre dykka i 2,8 % av tida. Gjennomsnittdykket varte i berre 30 sekund og gjekk typisk berre til éi meters djupne. Det lengste dykka som blei registrert varte i 7 minutt.Graf, P. M. (2017). Observing animal behaviour and movement patterns remotely: A case study using bio-logging technology on free-ranging Eurasian beavers (Castor fiber).

Beverpar er monogame og held saman livet ut. Paringstida er i tidsrommet desember–februar, avhengig av breiddegrad og klima. Hoa går drektig i dager og får eit årleg kull, typisk med 1–4 unger, på vårparten. Ungane er pelskledde frå dei er førdde, og veg typisk . Augo opnar seg rett etter fødselen, og sjølv om ungene dier mora dei fyrste 2–3 månadane, vil dei alt etter ei vekes tid vera i stand til å konsumera vegetasjon. Ungane blir verande i hytta den fyrste måneden eller to. Når dei blir kjønnsmogne etter cirka 2 år, vil ungene som regel forlata foreldra og prøva å etablere sitt eige territorium. Nokre ungar kan likevel bli verande hjå foreldrene i mange år, særleg om det ikkje finst eigna nye habitat å slå seg ned i. Desse vil likevel ikkje formeira seg.

Beverar er planteeterar. Føda består av bork og unge greiner frå ei rekkje ulike lauvtre, som bjørk, hassel, osp, rogn, selje og vier, og truleg mange urteaktige vassplantar i sommarhalvåret. Trea blir felte i nærleiken av dammen, og det blir hevda at ein bever kan gnaga over og fella eit 15–20 cm tjukt tre i løpet av eit kvarters tid. Trefelling er elles den største oppgåva i livet til ein bever, sidan borken og dei tynne greinene gjev mat og stammen og dei litt tjukkare greinene gjev byggemateriale til både beverhytta og demningane, som elles blir tetta med jord og stein. Så dyktig er beveren til å fella at han til og med feller trea på ein slik måte at dei fell slik at jobben med å frakta det vidare blir så minimal som mogleg. Beveren samlar elles saman greiner frå lauvtre som han legg på botnen av dammen/vatnet og bruker som mat igjennom vinteren.

Beverhytta blir ofte plassert i vasskanten, slik at ein del av ho står i vatn, og inngangen (det er to av dei) er alltid plassert under vatn. Ho kan likevel òg plasserast ute i dammen, med vatn på alle kantar. Byggverket er så kraftig at rovdyr ikkje klarer å trenga gjennom veggene, som består av eit tett flettverk av kvister og greinar og kan vera opp mot 30 cm tjukke. Med inngangen under vatn er derfor beverane trygge i hytta. Innvendig er hytta slett og golvet dekt av tørt gras. Av og til kan òg hytta ha to rom og ein inngang som går via ein tunnel i bakken og ut under vassoverflata. Beveren bygger likevel ikkje alltid hytter. Det hender òg at bustaden blir lagd til jordhòler, som beveren grev ut i ein bratt jordskrent, skråbakke eller liknande, men alltid så nært vatnet som mogleg. Det finst døme på at beveren i slike tilfelle grev kanalar fram til hòleopningane, om bustaden må gravast ut eit lite stykke frå vatnet. Beveren grev av og til òg jordgangar, for å få enklare tilgang frå vatnet til landområda, på stader der strandkanten er bratt.Halley, Duncan & Bevanger, Kjell (2005) Bever – forvaltning av en jakt-, frilufts- og miljøressurs. En håndbok om moderne metoder for praktisk forvaltning av beverbestander. NINA Rapport 21. https://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2005/21.pdf Slike jordgangar har ein òg funne i dike og jorddemningar.

Beverdemninga blir bygd på same måte som hytta, men demningane består òg av større stokkar og steinar i fundamentet. Trestammar, greiner og kvister blir fletta saman og blir tetta med lauv, mose, jord, stein og anna rusk og rask (inkludert plast og metall) som beverane måtte finna rundt om i territoriet. Demninga er eit kontinuerleg prosjekt, som beverane må halda ved like heile tida. Beverane grev òg ofte kanalar ut frå dammen, for enklare å kunna frakta trevirke frå fellingsplassane til vedlikehaldet av demninga og hytta. Når beverane har opphalde seg på ein stad tilstrekkeleg lenge, vil det bli mangel på virke i nærleiken av dammen. Då må dei flytta til ein ny stad og byrja på nytt.