thumb|Shirley Temple med Canadas statsminister William Lyon Mackenzie King i 1944. Shirley Temple Black () var ein amerikansk skodespelar og diplomat. Ho vert rekna som tidenes største barneskodespelar.

Liv og virke Bakgrunn Shirley Temple var dotter av George Francis Temple (1888–1980) og kona hans Gertrude Amelia Krieger (1893–1977). Allereie som treåring byrja ho på danseskule i Los Angeles. Der vart ho oppdaga av Charles Lamont, og vart ei såkalla barnestjerne.

Karriere Ein av dei fyrste filmrollene til Temple var i musikalen Bright Eyes (1934), som ho vann ein Oscar for. Ho medverka i eit stort tal filmar i 1930-åra, og var ei av dei største filmstjernene på den tida. Temple trekte seg tilbake frå rampelyset i byrjinga av tjueårsalderen.

Då Temple var 16 år gammal gifta ho seg med skodespelaren John Agar, og dei fekk ei dotter. Dei skilde seg ganske snart, og i 1950 gifta ho seg med forretningsmannen Charles Alden Black som ho fekk to barn saman med.

Temple vart seinare politisk interessert og vart medlem av Det republikanske partiet. I 1967 prøvde ho å verte vald inn i Kongressen, utan å lukkast. Ho fekk i staden fleire diplomat-oppdrag, då ho blant anna deltok ved fleire internasjonale konferansar og møter som delegat frå USA. Ho var ambassadør i Ghana, og seinare i Tsjekkoslovakia.Joshua Keating, "Shirley Temple Black's Unlikely Diplomatic Career: Including an Encounter with Frank Zappa" Slate, 11. februar 2014. I 1976 vart ho protokollsjef for USA, og var i denne stillinga ansvarleg for alle USA sine seremoniar, besøk og gåver til utanlandske dignitærar. Temple var også styremedlem i fleire større føretak, som The Walt Disney Company og Del Monte Foods.

Shirley Temple har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1998 vart ho tildelt Kennedy Center Honors. I 1999 vart Temple kåra til tidenes 18. største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.

Filmografi Temple var ein skodespelar som var aktiv i filmindustrien frå 1932 til 1949. Ho var med i fleire kortfilmar om livet hennar og til andre skodespelarar som ho arbeidde med i løpet av karrieren sin.Shirley Temple i IMDb.

Spelefilmar

År Film Rolle1932The Red-Haired Alibi Gloria Shelton 1933Out All NightBarn (som Shirley Jane Temple)To the Last ManMary Stanley (ikkje kreditert)1934CarolinaJoan Connelly (ikkje kreditert)Mandalay(scener slettet)As the Earth TurnsBarn (ikkje kreditert) Stand Up and Cheer!Shirley DuganChange of HeartShirley – Jente på flyet (ikkje kreditert)Little Miss MarkerMarthy 'Marky' JaneNow I'll TellMary DoranBaby Take a BowShirley EllisonNow and ForeverPenelope «Penny» DayBright EyesShirley Blake1935The Little ColonelLloyd ShermanOur Little GirlMolly MiddletonCurly TopElizabeth BlairThe Littlest RebelVirginia «Virgie» Cary1936Captain JanuaryHelen «Star» MasonPoor Little Rich GirlBarbara BerryDimplesSylvia «Dimples» Dolores ApplebyStowawayBarbara «Ching-Ching» Stewart1937Wee Willie WinkiePriscilla «Winkie» Williams

År Film Rolle1937HeidiHeidi KramerAli Baba Goes to TownSom seg sjølv (ikkje kreditert)1938Rebecca of Sunnybrook FarmRebecca WinsteadLittle Miss BroadwayBetsy Brown SheaJust Around the CornerPenny Hale1939The Little PrincessSarah CreweSusannah of the MountiesSusannah 'Sue' Sheldon1940The Blue BirdMytylYoung PeopleWendy Ballantine1941KathleenKathleen Davis1942Miss Annie RooneyAnnie Rooney1944Since You Went AwayBridget 'Brig' HiltonI'll Be Seeing YouBarbara Marshall1945Kiss and TellCorliss Archer1947HoneymoonBarbara OlmsteadThe Bachelor and the Bobby-SoxerSusanThat Hagen GirlMary Hagen1948Fort ApachePhiladelphia Thursday1949Mr. Belvedere Goes to CollegeEllen BakerAdventure in BaltimoreDinah SheldonThe Story of SeabiscuitMargaret O'Hara KnowlesA Kiss for CorlissCorliss Archer

Kortfilmar Dei fleste filmane i perioden frå 1933 til 1934 vart produserte som ein del av serien Baby Burlesks.

År Film Rolle1932Kid's Last StandGirlRunt PageLulu Parsnips (ikkje kreditert)War BabiesCharmaineThe Pie-Covered WagonShirley1933Glad Rags to RichesNell/La Belle DiaperinaKid in HollywoodMorelegs SweettrickThe Kid's Last FightShirleyPolly Tix in WashingtonPolly TixKid 'in' AfricaMadame CradlebaitMerrily YoursMerry Lou RogersNew Deal RhythmJenta som ikkje likte spinat (ikkje kreditert)

År Film Rolle1933Dora's Dunking DoughnutsShirleyWhat's to Do?Mary Lou Rogers1934Pardon My PupsMary Lou RogersManaged MoneyMary Lou RogersThe Hollywood Gad-AboutSom seg sjølv1939The Autograph HoundSom seg sjølv1942Our Girl ShirleySom seg sjølv1946American Creed

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shirley Temple» frå , den 15. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Shirley Temple hos Internet Movie Database Shirley Temple hos Svensk Filmdatabas Shirley Temple hos Filmdatabasen Shirley Temple hos Scope Shirley Temple hos Rotten Tomatoes Shirley Temple hos The Movie Database Shirley Temple hos Turner Classic Movie Database Liste over filmar med Shirley Temple

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:USA-amerikanske ambassadørar Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Folk frå Los Angeles