Omar Sy () er ein fransk skodespelar og komikar.
Bakgrunn Omar Sy vaks opp i Trappes, som er ein forstad utanfor Paris. Han er son av ein senegalesisk far frå Fulani-folket og ei mauritansk mor som budde nær Paris.Stefan Locke: Omar Sy im Gespräch: „Ich bin ein freier Mensch.“ i Frankfurter Allgemeine Zeitung publisert 25. mars 2013. Opphavleg ynska Sy å verta teknikar for varme, ventilasjon og sanitærteknologi og ferda til Senegal. Mellom 1996 og 1997 yrkte han på den franske radiostasjonen Radio Nova, der han møtte Fred Testot. Omar Sy vart sett saman med Testot i fjernsynsprogrammet Omar et Fred på Canal+, noko som gjorde han for fullt kjend i Frankrike.
Det internasjonale gjennombrotet til Sy kom med filmen De urørlige saman med François Cluzet. Filmen vart ein stor suksess i Frankrike, der han vart årets mest suksessrike innanlandske produksjon med meir enn 19 millionar sjåarar. I 2012 vart Omar Sy den fyrste ikkje-kvite skodespelaren som vann César-prisen for beste skodespelar for rolla i filmen De urørlige. Sy spelte hovudrolla som Bishop i X-Men: Days of Future Past, oppfylgjaren til X-Men: First Class.
Den 5. juli 2007 gifta han seg med Hélène, saman har dei fem born. I 2012 flytta familien til Los Angeles.
I 2017 vart Sy medlem av Det amerikanske akademiet, som deler ut Oscar-prisane årleg.
Filmografi i utval
2001 – La tour Montparnasse infernale 2002 – Samouraïs 2006 – Nos jours heureux 2009 – Tellement proches 2009 – Micmacs à tire-larigot 2009 – Safari 2011 – Intouchables (De urørlige) 2012 – Les seigneurs 2012 – De l’autre côté du périph 2014 – X-Men: Days of Future Past 2014 – Good People 2014 – Samba 2015 – Jurassic World 2015 – Burnt 2016 – Chocolat 2016 – Inferno 2016 – Demain tout commence 2017 – Knock 2018 – Yao 2018 – Le flic De Belleville (Belleville Cop) 2019 – Le Chant du loup (The Wolf's Call) 2021 – Lupin 2022 – Tirailleurs (Father & Soldier) 2022 – Jurassic World Dominion 2023 – The Book of Clarence 2024 – The Killer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Omar Sy» frå , den 17. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franskmenn Kategori:Komikarar Kategori:Franske skodespelarar