Susan Diane Wojcicki () var ein polsk-amerikansk bedriftsleiar som var dagleg leiar for YouTube frå 2014 til 2023. Nettoformuen hennar vart estimert til å vere rundt 765 millionar dollar i 2022.
Wojcicki har jobba i teknologibransjen i over tjue år. Ho vart involvert i grunnlegginga av Google i 1998 då ho leigde ut garasjen sin som kontor til grunnleggjarane av selskapet. Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, og leia seinare den nettbaserte annonseringsverksemda og den originale videotenesta til selskapet. Etter å ha sett suksessen til YouTube, føreslo ho at Google skulle kjøpe tenesta. Google kjøpte YouTube for 1,65 milliardar dollar i 2006.
Wojcicki byrja som dagleg leiar i YouTube i 2014 og trekte seg i 2023.
Bakgrunn Susan Diane Wojcicki vart fødd i Santa Clara County i California den 5. juli 1968. Ho er dotter av den amerikanske journalisten Esther Wojcicki og den polske fysikkprofessoren ved Stanford University Stanley Wojcicki. Besteforeldra hennar var russisk-jødiske immigrantar.
Karriere Før Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, arbeidde ho med marknadsføring hos Intel Corporation i Santa Clara. I tillegg jobba ho med leiingsrådgjeving for Bain & Company og R.B. Webber & Company.
I 2003 vart Wojcicki fyrste produktsjef for eit av dei store annonseverktøya til Google, AdSense. For dette arbeidet fekk ho Google Founders' Award. Wojcicki vart forfremja og hadde tilsyn med Google sine annonserings- og analyseprodukt, inkludert AdWords, AdSense, DoubleClick og Google Analytics.
Susan Wojcicki har fleire år vorte nemnd på lista over dei 100 mektigaste kvinnene publisert årleg av Forbes.
Utmerkingar
Kåra til nummer ein på Vanity Fair si New Establishment-liste i 2019. 2013: Rangert som nummer ein på Adweek si topp 50 leiar-liste, som anerkjenner dei øvste medieleiarane i ein organisasjon. 2016: Nummer åtte på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda. 2017: Nummer seks på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda. 2018: Nummer sju på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Susan Wojcicki» frå , den 17. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Youtube-kanalen til Susan Wojcicki
Kategori:Amerikanske forretningsfolk