Koketter (Lophornis) er ei biologisk slekt i underfamilien Lesbiinae av elleve kolibriartar. Dei lever i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Tre artar er endemiske for Brasil, den kritisk truga øyredobbkokette, Lophornis brachylophus, er endemisk for eit lite område i sørvestlege Mexico, og ein annan har utbreiing som strekker seg sørvest til vestlege Santa Cruz i Bolivia. Alle held til i relativt lågtliggande habitat under 2000 moh.
Alle artane i slekta er rangert blant dei minste kolibriane. Ingen artar overstig 9 cm og dei fleste er under 7,5 cm i total lengd og veg 3 gram eller mindre. Koketthannar er kjente for sine merkelege, fargerike, ornamentale fjørtoppar og markeringar, hoene er meir dempa. Alle artane har eit kvitt eller lyst band ovafor overgumpen.
Galleri
Taksonomi og artsliste
Slekta Lophornis vart introdusert av den franske naturforskaren René Lesson i 1829. Typearten vart seinare utpeika som ornatkokette (Lophornis ornatus). Det generiske namnet kombinerer det antikke greske lophos som betyr «kammen» eller «tuft» med ornis som betyr «fugl».
Lophornis-kolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Ornatkokette, Lophornis ornatus, Tufted Coquette, (Boddaert, 1783), (LC) Arguskokette, Lophornis gouldii, Dot-eared Coquette, (Lesson, R, 1832), (NT) Viftekokette, Lophornis magnificus, Frilled Coquette, (Vieillot, 1817), (LC) Øyredobbkokette, Lophornis brachylophus, Short-crested Coquette, Moore, RT, 1949, (CR) Siratkokette, Lophornis delattrei, Rufous-crested Coquette, (Lesson, R, 1839), (LC) Paljettkokette, Lophornis stictolophus, Spangled Coquette, Salvin & Elliot, DG, 1873, (LC) Strålekokette, Lophornis chalybeus, Festive Coquette, (Temminck, 1821), (NT) Sommarfuglkokette, Lophornis verreauxii, Butterfly Coquette, Bourcier, 1853, (LC) Påfuglkokette, Lophornis pavoninus, Peacock Coquette, Salvin & Godman, 1882, (LC) Svarttoppkokette, Lophornis helenae, Black-crested Coquette, (Delattre, 1843), (LC) Kvittoppkokette, Lophornis adorabilis, White-crested Coquette, Salvin, 1870, (LC)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lophornis» frå , den 19. mars 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fugleslekter