Alberte Tennøe Bekkhus () er ein norsk ungdomspolitikar som i 2020 blei vald til leiar for Raud Ungdom (RU). Før ho blei leiar i Raud Ungdom var Bekkhus høvesvis studieansvarleg og feministisk ansvarleg i ungdomspartiet.

Bekkhus er oppvaksen i Moss i Østfold der ho har vore aktiv i lokalpolitikken, som leiar i Moss Raud Ungdom og Moss Natur og Ungdom.

Politikk Bekkhus var medansvarleg for haldningskampanjen til Raud Ungdom i 2019, «Feministruss». Kampanjen hadde som mål å mobilisere mot kvinnefiendslege haldningar, ritual og generell ukultur under russefeiringa.

I 2016 deltok Bekkhus saman med andre aksjonistar frå Natur og Ungdom og Raud Ungdom i ein sivil ulydnadsaksjon i Førdefjorden, der målet var å forhindre industriføretaket Nordic Mining i å prøvebore etter rutil og deretter dumpe gruveslam i eit sjødeponi. Som RU-leiar har ho markert seg med tydeleg støtte til LHBT-rettar, og gått ut mot transfobi. Vidare har ho vore tydeleg mot NATO og for styrking av norsk forsvar, for rettferdig pensjon, for køyreopplæring som valfag, for rusreform og for havvindkraft og anna klimapolitikk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alberte Bekkhus» frå , den 23. mars 2023.

Kategori:Norske politikarar Kategori:Raud Ungdom Kategori:Lokalpolitikarar i Moss Kategori:Ruspolitiske aktivistar Kategori:Forkjemparar for homofile sine rettar Kategori:Folk frå Moss