In the Pocket er det sjuande studioalbumet til den USA-amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor og det siste han gav ut under Warner Bros. Records før han signerte for Columbia. Albumet kom ut i juni 1976 og vart spelt inn med mange kollegaer og vener av Taylor, som Art Garfunkel (i ein duett med han på «A Junkie's Lament» og vokal på «Captain Jim's Drunken Dream»), Carly Simon (kona til Taylor, som song harmonivokal med han på «Shower the People»), Stevie Wonder (som skreiv «Don't Be Sad 'Cause Your Sun Is Down» i lag med Taylor, ein song der han òg spelte munnspel) og David Crosby, Linda Ronstadt og Bonnie Raitt, blant fleire.
Resultatet av øktene, som fann stad mellom slutten av 1975 og byrjinga av 1976, var eit veldig melodisk album og eit av hans mest varierte og polerte, framheva med singelen «Shower the People», som gjennom åra vart ein Taylor-standard og konsertfavoritt. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 22. plassen på Billboard den 18. september 1976, og gjekk til topps på Adult Contemporary-lista i USA. Trass i suksessen nådde ikkje In the Pocket opp til suksessen til det førre albumet til Taylor, Gorilla, og nådde berre 16. plassen på Billboard si albumliste (det var den lågaste plasseringa til Taylor på 1970-talet og den lågaste sidan debutalbumet). Likevel klarte det til slutt å selje til gullplate hos RIAA og vart ein fanfavoritt.
I 2008 vart albumet gjeve ut på ny på Rhino sitt lågbudsjettselskap Flashback.
Innhald Alle songar av James Taylor, utanom der andre er nemnde.
Medverkande James Taylor – solovokal, harmonivokal (1, 3, 8, 10), akustisk gitar, blåsearrangement (3, 11), bass munnspel (4), korvokal (4) Malcolm Cecil – Moog synthesizer programmering Clarence McDonald – Fender Rhodes (1, 2, 4, 6, 7), orgel (1), Moog synthesizer (2), akustisk piano (3, 8, 9), Hammondorgel (11) Nick DeCaro – stemmeorgel (1, 3, 12), orgel (1-3, 12), trekkspel (4, 8), ARP String Ensemble (4), strykearrangement og dirigent Craig Doerge – klaverinstrument (5) Danny Kortchmar – elektrisk gitar (3, 4, 6-8, 11), mandolin (4), akustisk gitar (7) Waddy Wachtel – elektrisk gitar (7, 10) David Grisman – mandolin (8), mandocello (8) Herb Pedersen – banjo (9) David Lindley – dobro (10) Leland Sklar – bass (1-3, 6-12) Willie Weeks – bass (4) Red Callender – kontrabass (5), tuba (5) Russ Kunkel – trommer (1-4, 6-11), perkusjon (1, 2, 4, 6, 7, 9) Jim Keltner – trommer (5) Victor Feldman – orkesterbjøller (1), vibrafon (1), perkusjon (3), marimba (8), bassmarimba (8), cymbal (8), vindklokker (8) Milt Holland – røyrbjøller (2, 8), vindklokker (2) Kenny Watson – cimbalom (4) Peter Asher – tamburin (7) Russ Titelman – tamburin (9) Bobbye Hall – congas (11), shaker (11), triangel (12) Gayle Levant – harp (2, 12) Michael Brecker – saksofon (3, 11) Ernie Watts – saksofon (5) George Bohanon – trombone (5), blåsearrangement (5) Steve Madaio – trompet (3, 11) Oscar Brashear – trompet (5) Stevie Wonder – munnspel (9) Carly Simon – harmonivokal (1, 2, 11), korvokal (4) Art Garfunkel – solovokal (2), harmonivokal (8) Valerie Carter – harmonivokal (3, 11) David Crosby – harmonivokal (10) Graham Nash – harmonivokal (10) Bonnie Raitt – harmonivokal (11) Alex Taylor – harmonivokal (11)
Produsent Produsentar – Russ Titelman og Lenny Waronker Produksjonsassistent – Trudy Portch Lydteknikk, miksing og mastering av Lee Herschberg i Warner Bros. Recording Studios (Hollywood, CA). Assisternade lydteknikar – Loyd Clifft Personleg manager – Peter Asher Kunstnarisk leiar og design – Mike Salisbury Fotografi – Norman Seeff
Salslister Liste (1976)PlasseringAustralia (Kent Music Report)65
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «In the Pocket (James Taylor album)» frå , den 7. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:James Taylor-album Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Album produserte av Russ Titelman Kategori:Warner Bros. Records-album