«Sister Golden Hair» er ein song av bandet America frå det femte studioalbumet deira Hearts (1975), skriven av Gerry Beckley. Det var deira andre singel som nådde førsteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og heldt på topplasseringa i ei veke.
Bakgrunn Beckley seier: «Det fanst eigentleg ingen Sister Gold Hair.» Teksten var i stor grad inspirert av verka til Jackson Browne. Beckley sa: «Jackson Browne har ei evne til å setja ord til musikk, som er mykje meir lik L.A.-tilnærminga til berre ekte observasjon i motsetning til å forenkla det ned til det essensielle ... Eg synest Jackson kan deprimera meg litt, men berre gjennom ærlegdommen sin; og det var den stilen hans som førte til ein song av meg, 'Sister Golden Hair', som truleg er den mest L.A.-aktige av tekstane mine.»Corbett, John (29. mai 2004). America Revisited - Part 3, Accessbackstage.com. Beckley la til at «Sister Golden Hair» «var ein av dei første gongane eg nytta 'ain't' i ein song, men det var ikkje noko eg med vilje prøvde å gjere. Eg berre sette meg sjølv i den sinnsstemninga og fekk den slags tekstar ut av det.»
Record World sa at det er «historia om ein fyr som endeleg har funne kjærleiken, men som ikkje nødvendigvis vil gifta seg med henne.»
Instrumentering Gerry Beckley sa at han spelte 12-strengs gitar, og overdubba den framståande slidegitaren. «Eg hadde ein nydeleg lap steel som David Lindley hadde plukka ut.»
Musikkvideo Musikkvideoen til songen viser bandet framføra songen på The Midnight Special, eit populært musikkshow på TV. Dette er likevel ikkje ein offisiell video, berre studiosporet overdubba over framføringa.
Salslister
Vekeslister Liste (1975) Plasseringscope="row" Canada RPM Top Singles11Canada RPM Adult Contemporary3scope="row" scope="row" US Easy Listening (Billboard)5US Cash Box Top 100 2US Record World 1US Radio & Records1
Årslister Liste (1975)PlasseringTop 100 Songs of 197512Canada80U.S. Billboard Hot 10033U.S. Cash Box61
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sister Golden Hair» frå , den 18. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar skrivne av Gerry Beckley Kategori:America-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:The Dandy Warhols-songar