Black Rose: A Rock Legend er det niande studioalbumet til det irske rockebandet Thin Lizzy. Det kom ut i 1979 og er blitt skildra som eit av dei «beste, mest suksessrike albuma» deira. Det var første gong bluesrock-gitaristen Gary Moore vart verande i Thin Lizzy lenge nok til å spela inn eit album, etter tidlegare korte opphald i 1974 og 1977 med bandet. Albumet nådde 2. plassen på dei britiske hitlistene,<ref name="GB» ></ref> noko som gjer det til det mest selde albumet deira i Storbritannia. Det var deira fjerde album på rad som vart sertifisert til gullplate av BPI.
Songar Black Rose inneheldt den andre songen Phil Lynott skreiv om ein familiemedlem med tittelen «Sarah», den første songen med dette namnet hadde dukka opp på Shades of a Blue Orphanage frå 1972, skrive om bestemor hans, som òg heitte Sarah. Songen på Black Rose handlar om den nyfødde dotter hans.
Det siste sporet «Róisín Dubh», består av tradisjonelle songar, arrangert av Lynott og Moore, og dessutan mange originale delar. Songen «Will You Go Lassie, Go» (òg kjent som «Wild Mountain Thyme») er nokre gonger feilaktig Oppført som ein tradisjonell song, men vart faktisk skriven av William McPeake og først spelt inn av Francis McPeake. Han er kreditert på albumet til «F. McPeak.»
Minst to av songane – «Waiting for an Alibi» og «S & M» – vart debutert på forsommaren 1978 før Brian Robertson forlét bandet.
Mottaking
I ei samtidig positiv melding for det irske tidsskriftet Hot Press noterte Dermot Stokes: «Black Rose markerer ikkje noko stort avvik det krystalliserte bilete og lyden til Thin Lizzy», sjølv om «ei poppa kjensle insinuerer seg her og der – tilsynelatande med vilje». Han var likevel tvilande til den roseraude visjonen av Irland som blir lagt fram i tittelsporet og lurte på om bandet hadde mista kontakten med det verkelege livet i landet sitt. Red Starr skreiv i Smash Hits at albumet «mangla minneverdige melodiar» og at «blandinga av tradisjonelle melodiar i tittelsporet er eit uheilagt rot». Starr erkjende at fansen ville vera nøgd med «omarbeidinga av deira kjende hardrock-stil», men heldt fram med å merka seg at det var: «ingenting nytt for resten av oss.»
I ei moderne melding skildra Greg Prato frå AllMusic albumet som: «det siste sanne klassiske albumet til Thin Lizzy» og «deira mest musikalsk varierte, fullenda og vellykka studioalbum». Han rosa nærværet til Moore som: «ein perfekt match» og trekte fram «Do Anything You Want To», «Waiting for an Alibi» og «Sarah» som utmerkte spor. Han rosa òg tittelsporet og «den fantastiske, komplekse gitarsoloen.» I sin Collectors Guide to Heavy Metal definerte Martin Popoff albumet som «ei sjarmerande utgiving» der «Waiting for an Alibi» og «Got to Give It Up» står fram som «to Thin Lizzy-klassikarar» og tittelsporet «er på eit plan meir i liga med fin litteratur enn noko så simpelt som rock 'n' roll.»
Innhald
Luksusutgåve Ei nymastra og utvida utgåve av Black Rose kom ut 27. juni 2011. Denne nye utgåva er ei dobbelplate med det originale albumet på pate ein og bonusmateriale på plate to.
Singlar Waiting For An Alibi/With Love – 7" (1979) Do Anything You Want To/Just The Two Of Us – 7" (1979) Do Anything You Want To/S & M – 7" (1979) Got To Give It Up/With Love – 7" (1979) Sarah/Got To Give It Up – 7" (1979) Star Trax EP: Jailbreak/Johnny The Fox Meets Jimmy The Weed/The Boys Are Back In Town/Waiting For An Alibi – 7" (1979)
Medverkande Thin Lizzy Phil Lynott – bassgitar, solovokal, 12-strengsgitar, produsent på «With Love» Scott Gorham – sologitar, rytmegitar, korvokal Gary Moore – solo- og rytmegitar, korvokal Brian Downey – trommer, perkusjon
Andre medverkande Jimmy Bain – bassgitar på «With Love» Huey Lewis – munnspel på «Sarah» og «With Love» Mark Nauseef – trommer på «Sarah» (ikkje oppført)
Produksjon Tony Visconti – produsent Kit Woolven – lydteknikar Will Reid Dick, Chris Tsangarides – assisterande lydteknikar
Salslister
Album Liste (1979) Plassering Australske album (Kent Music Report) 29
Singlar
Waiting for an Alibi Liste (1979)Plassering
Do Anything You Want To Liste (1979)Plassering
Sarah Liste (1979)Plassering
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Black Rose: A Rock Legend» frå , den 25. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Thin Lizzy-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios