Richard III () var konge av England frå 1483. Han tilhøyrde Huset York, og var fyrst hertug av Gloucester. Etter at broren Edvard IV døydde, styrte Richard som regent for sonen til Edvard, Edvard V. Richard fengsla Edvard og broren hans Richard («dei to prinsane») i Tower of London. Han tok så trona for seg sjølv, og blei krona til konge den 6. juli 1483. Det blei reist opprør mot han, og han fall i slaget ved Bosworth der han blant anna slost mot jarlen av Richmond, den seinare Henrik VII av England.

Bakgrunn Rikard blei fødd på Fotheringhay Castle som det åttande og yngste barnet til Richard Plantagenet, 3. hertug av York (som var tronpretendent til Henrik VI si trone) og kona hans Cecily Neville. I store delar av barndommen budde han på Middleham Castle i Wensleydale under opplæring av fetteren sin Richard Neville, 16. jarl av Warwick (som seinare blei kjend under kallenamnet «Kingmaker» for rolla si under rosekrigane). I denne tida utvikla Rikard eit nært vennskap med Francis Lovell som skulle vara livet ut. Eit anna barn der var dottera til Warwick, Anne Neville, som Rikard seinare skulle bli gift med.

Etter at faren og den eldre broren hans Edmund, jarl av Rutland blei drepne i slaget ved Wakefield i 1460, flykta Rikard, som då var åtte år gammal, med mor si til Nederlanda, følgd av den eldre broren hans George Plantagenet.Kendall, s. 41-42, ISBN 0-04-942048-8 Dei vende tilbake til England etter at Huset Lancaster leid nederlag i slaget ved Towton, og deltok i kroninga av Rikard sin eldre bror Edvard IV i 1461. På denne tida blei Rikard utnemnd til hertug av Gloucester og blei riddar av Hosebandordenen og av Order of the Bath.

Rikard var Lord High Admiral i perioden 1462–1470 og igjen frå 1471 til 1483.

Reformer I desember 1483 innførte Rikard det som seinare skulle ble Court of Requests, ein domstol der fattige som ikkje hadde råd til å føra eigen rettargang kunne søka juridisk hjelp og prøva saka si.Hannes Kleineke: Richard III and the Origins of the Court of Requests. The Ricardian, Vol.XVII, 2007, sidene 22–32 Han innførte også lauslating mot kausjon for varetektsfanger i januar 1484 for å verna mistenkte mot fengsling før domstolsbehandling og for å sikra at ikkje eigdelane deira blei overtatt av andre mens rettsprosessen gjekk føre seg.Anne Sutton: Richard III’s Parliament, The Richard III Society. Han stifta College of Arms i 1484,The history of the Royal Heralds and the College of Arms’ College of Arms og la ned forbod mot restriksjonar på trykking og sal av bøker,The Statutes of King Richard III’s Parliament, The Richard III Foundation. Han innførte at alle lovar og reglar skulle omsetjast frå den tradisjonelle franske språkdrakta si til engelsk.Anthony Cheetham Anthony: The Life and Times of Richard III, Weidenfeld & Nicholson, 1972.

Leivningar Rikard blei gravlagt i Leicester, men gravstaden blei gløymd. Britiske arkeologar prøvde lenge å finna liket hans, som hadde vore i eit gråbrør-kloster som var blitt rive. Under ei utgraving i 2012 i sentrum av Leicester fann arkeologar restar av ein bygning med dei typiske måla til eit kloster under ein parkeringsplass. Dei konkluderte med at dette var det tapte klosteret. Funnet av to skjelett auka dramatikken, ikkje minst då ei DNA-undersøking frå University of Leicester slo fast at DNA frå eit av skjeletta samsvara med ein etterkomar av Rikard III. Skjelettet blei skildra av arkeologane som «svakt, kvinneleg og krumrygga». Pukkelryggen kom av skoliose. Det var i alt 10 alvorlege skadar, åtte av dei i hovudet. Dessutan var mannen tilsynelatande gravlagd utan kiste og med hendene bundne.

Kongen er avbilda i det kjende skodespelet Richard III''' av Shakespeare som ein utspekulert, misforma skurk.

KjelderDenne artikkelen bygger på «Richard 3. af England» frå , den 12. mai 2023. Denne artikkelen bygger på «Rikard III av England» frå , den 12. mai 2023. oppgav desse kjeldene:''

Bakgrunnsstoff