Finn Christian Knudsen () var ein norsk ingeniør, næringsdrivar og politikar frå Porsgrunn. Han representerte partiet Høgre på Stortinget 1922-24. Jørgen Knudsen var far hans.

Finn C. Knudsen utdanna seg til skipsingeniør og praktiserte ei tid som skipsbyggjar, mellom anna i Glasgow i Skottland. Frå 1890-åra var dreiv han i mange år Langesundfjordens Buxerselskab. Han starta eller stod bak ei mengd forretningstiltak, nokre av desse gjorde han til ein rik mann. Såleis kom Knudsen til å prege mykje av næringslivet i Skiensfjorden fram til utbrotet av andre verdskrigen. Til ulike tider var han styreleiar i Eidanger Sparebank, Skiensfjordens Kreditbank, Traag Iscompagnie, Bratsberg Bruk og Norsk Metallverk/Porsgrund Metalverk A/S.

Knudsen var ordførar i Eidanger kommune periodane 1908-10 og 1917-19. Han var stortingsrepresentant 1922–24, vald frå valkrinsen Notodden, Skien, Porsgrund, Brevik, Kragerø, Risør, Arendal, Grimstad. På Stortinget var han medlem i Justiskomiteen.

Knudsen var aktiv siglar, mangeårig formann Langesundfjordens Seilforening. Han støtta IF Urædd, der han vart utnemnd til heidersmedlem i 1919. Han gav også ut to bøker med lokalhistorie.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Porsgrunn