James Johnson er ein tlingit-treskjerar frå Juneau i Alaska som hovudsakleg driv med tradisjonell utskjering og formline.
Bakgrunn Johnson blei fødd i ein familie som tilhøyrer Dakl’aweidi (spekkhoggarklanen) og omfattar mange leiarar for Xutsnoowú Kwáan, som Chief Gusht’eiheen (tippoldefar), Chief Jimmy Johnson (oldefar), og Chief Peter Johnson (bestefar). Johnson har uttalt at ættesoga hans har påverka den kunstnariske karrieren hans. Far hans, Franklin Johnson, var den fyrste til å oppmuntra han til å byrja med treskjering.
Johnson har også drive med snøbrett heile livet. Då han voks opp kunne han renna med snøbrett kvar veke i Eaglecrest Ski Area.
Virke Johnson kallar seg sjølv ein sjølvlært kunstnar. I 2012 blei verket hans Tlingit Hawkman vald ut av den leiande lokale kunstnaren Nathan Jackson til å ta del i Celebration Juried Art Show. I 2019 vann han fyrsteplassen innan treskulptur ved SWAIA Santa Fe Indian Market. Johnson har sidan samarbeidd med verksemder som Vans, Lib Technologies og Google.
Verka hans er blitt stilt ut ved Art Institute of Chicago, Sioux Indian Museum, Denver Museum of Nature and Science og Interior Museum.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «James Johnson (woodcarver)» frå , den 21. mai 2023.
Kategori:Folk frå Juneau Kategori:Kunstnarar frå Alaska Kategori:Tlingitfolk Kategori:USA-amerikanske treskjerarar