Gøran Moen () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Husnes i Kvinnherad som dreiv med lengdehopp og tresteghopp. Han var frå 1987 medlem i IL Gular, bortsett frå ein kortare periode i IL Norna-Salhus. Perioden 1989-98 vart han fire gongar noregsmeister i lengdehopp.

Aktiv I 1989-sesongen stod Moen for det lengste lengdehoppet i Noreg og han vart norsk meister i øvinga. Frå 1991 satsa han like mykje på tresteghopp. Under NM i friidrett 1992 i Mosjøen presterte han sitt livs lengste tresteghopp då han den 15. august landa på 16,03 meter, ein prestasjon som gav han sølvmedaljen i meisterskapen. Lagkameraten Ketill Hanstveit stakk av med gullmedaljen. Moen forbetra 18. august 1995 på Lillehammer sitt seks år gamle personbeste i lengdehopp med 5 centimeter til 7,80 meter. Dermed vart han norsk friidrettsmeister for andre gong. Sidan vann han lengdetevlinga også i friidretts-NM 1997 og i 1998.

Medaljar i noregsmeisterskap 1989 i Stjørdal: Gull i lengdehopp – 7,51 m, framom Lars Hansen (7,43 m) 1990 i Moss: Bronse i lengdehopp – 7,16 m, og tresteghopp – 15,27 m 1991 i Fana: Sølv i lengdehopp – 7,40 m, og tresteghopp – 15,87 m 1992 i Mosjøen: Sølv i lengdehopp – 7,59 m, og tresteghopp – 16,03 m 1995 på Lillehammer: Gull i lengdehopp – 7,80 m, framom Morten Næss (7,51 m) 1996 i Kristiansand: Bronse i lengdehopp – 7,48 m 1997 i Overhalla: Gull i lengdehopp – 7,48 m, framom Ketil Hanstveit (7,24 m) 1998 i Askøy: Gull i lengdehopp – 7,78 m, framom Trond Erik Nilsen (7,53 m) 2001 i Drammen: Bronse i lengdehopp – 7,25 m

Personlege rekordar og årsbeste År 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 Lengde 7,12 7,75 å 7,48 7,40 7,59 7,16 7,56 å 7,80 å 7,78 7,80 å 7,52 å 7,31 7,49 Tresteg – – 15,27 15,82 16,03 å 15,49 – – 15,17 15,08 – – –

Kjelder friidrett.no

Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske tresteghopparar Kategori:Folk frå Kvinnherad