Einar Kristian Tveitå () er ein norsk lege, forskar og tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo. Han var noregsmeister i diskoskasting åra 1999-2002. Tveitå var medlem av IL i BUL.

Lege Tveitå forsvarte avhandlinga «Adhesive capsulitis, hydrodilatation and some aspects of validity regarding shoulder assessments» til doktorgrad (ph.d.) på Institutt for sykehusmedisin ved Universitetet i Oslo i 2010. Han arbeidde på Ullevål sykehus frå 2002 til han i 2008 vart overlege ved Evjeklinikken.

Friidrett Tveitå tok steget opp mot noregseliten i diskos-øvinga i 1995-sesongen. Året etter sette han personleg rekord til 59,28 meter ved eit stemne i Helsingborg i Sverige. Sommaren 1998 passerte han 60-metersgrensa i seks tevlingar, lengst nådde han i Oslo den 24. august med 60,82 m. I juli 1999 flytta han sitt personbeste til 61,08 m og 61,31 m innom tre dagar. Ved noregsmeisterskapen 1999 på Byrkjelo sigra han med eit kast på 61,09 m og viste gullgrossist Svein Inge Valvik til sølvplass. Den 4. september 1999, under særs gunstige tilhøve i islandske Hafnarfjörður, flaug diskosen 63,64 m, det aller lengste kastet til Tveitå.

Sidan vann Tveitå NM-gull både i 2000, 2001 og 2002, dei to sistnemnde åra stod han også for årsbeste i øvinga i Noreg. Han kvalifiserte seg til finalen ved VM i friidrett 2001 i Edmonton som tolvtemann med eit kast på 61,85 m. I finalen enda han også på tolvteplass med 59,11 m. Eitt år seinare, då EM i friidrett 2002 vart avvikla i München, nådde han 59,69 m i kvalifiseringa og vart totalt nummer 18.

Medaljar i noregsmeisterskap 1998 i Askøy: Sølv – 60,67 m, bakom Olav Jenssen (62,00 m) 1999 på Byrkjelo: Gull 61,09 m, framom Svein Inge Valvik (60,62 m) 2000 på Steinkjer: Gull 59,63 m, framom Svein Inge Valvik (57,70 m) 2001 i Drammen: : Gull – 60,15 m, framom Gjøran Sørli (57,88 m) 2002 i Sandnes: Gull – 60,29 m, framom Gaute Myklebust (57,49 m)

Personlege rekordar og årsbeste År 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 Lengde 57,62 59,28 58,94 60,82 63,64 61,43 62,41 å 61,45 å 60,19

Kjelder friidrett.no

Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Folk frå Oslo