Jacob Jenssøn Nordmand () var ein norsk kunstdreiar og rustmeister som i eit par tiår arbeidde ved hoffet i København. Han er mest kjend for sine framifrå skipsmodellar i elfenbein og for ein interessant sjølvbiografi.
Norskfødde Jacob Jenssøn, truleg fødd i Båhuslen, deltok i kong Kristian IV sitt sjøslag på Elben i 1630. Deretter gjekk han tre år i smedlære i Holland og var eitt år lanseberande fotsoldat i Flandern. Så verva han seg til geværsoldat for Det Vestindiske Kompani og var fem år i Brasil. Frå 1639 budde han i Christiania.
Under Hannibalfeiden 1644–45 steig Jacob i gradene til rustmeister på Akershus festning. Etter at kong Fredrik III vart hylla i Christiania i 1648 tok kongen han med til Danmark. Her hadde han ulike stillingar ved Rosenborg slott og Frederiksborg slott. I 1657 vart han rustmeister ved Tøjhuset i København. Året etter gav kongen Niels Juel ordre om å la Jacob og ein annen få overta skipet «Højenhald». Seinare fekk han hus på Slottsholmen i København, og i 1662 ein gard i Smørum.
mini|Modell av fregatten «Norske Løve» i elfenbein og sølv ved Rosenborg slot i København.
Jacob utmerkte seg særleg som kunstdreiar, og fekk i 1651 tildelt tre elefantstøyttenner. Etter to ås arbeid stod ein 85 cm høg og elegant modell av «Fregatten Norske Løve» i 1654 ferdig, med fulle segl og stor akter-kahytt. Han dreia også beger, kanner og andre små gjenstandar i tre, sølv, rav, perlemor og narkvalstenner til kongefamilien. Men han fekk ikkje det ærefulle oppdraget å lage tronstolen i narkvals-tann og elfenbein til den i 1662 eineveldige monarken.
Nordmand skreiv ein sjølvbiografi tileigna Frederik III som han gav kongen i nyttårsgåve i 1670. Kongen ville få biografien omsett til tysk så også dronninga kunne lesa han. Boka gjev elles eit godt bilete av tida og nokre av opplevingane til Nordmand.
Under Kristian V mangla Jakob kongens gunst. Han vart kalla Jacob Schæffer og enda opp i tronge kår.
Nordmand var gift to gonger, fyrste gong med ei kvinne ein ikkje kjenner namnet på som døydde i 1676 og andre gong i 1678 med Maren Pedersdatter Vallund (ca. 1653-1697). Både han og konene hans er gravlagde i Smørum.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Jacob Jensen Nordmand ved kongernessamling.dk
Kategori:Norske kunsthandverkarar Kategori:Norske soldatar Kategori:Leigesoldatar Kategori:Nordmenn frå 1600-talet