Anders Hoff () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Hitra i Sør-Trøndelag som vart noregsmeister 1977 i sleggjekast, og i tillegg vann fem sølv- og fire bronsemedaljar i same øvinga i tida 1977-86. I den same perioden tok han også ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i diskoskast i NM-tevlingar. Han var medlem i IL Trond og sidan Minerva.
Med eit kast på 63,14 meter, 10 cm kortare enn hans ferske personbeste, overraska Hoff med å vinne sleggjetevlinga under friidretts-NM på Lillehammer i 1977. NM-gullet vart hans einaste, ettersom Richard Olsen var den nasjonale einaren i øvinga i åra kringom 1980.
Etter at han la opp, var Hoff norsk landslagstrenar for kastøvingane frå 1986 til 1993. Mellom andre han ansvar for karar som Lars Arne Nilsen og Georg Andersen, to utøvarar som hausta heider og kom i vanry.
Medaljar i noregsmeisterskap 1977 i Lillehammer: Gullmedalje i sleggjekast, sølv i diskoskast 1978 i Steinkjer: Bronsemedalje i sleggjekast og i diskoskast 1979 i Larvik: Sølvmedalje i sleggjekast 1980 i Bodø: Sølvmedalje i sleggjekast 1981 i Haugesund: Sølvmedalje i sleggjekast, bronse i diskoskast 1982 i Porsgrunn: Sølvmedalje i sleggjekast 1983 i Trondheim: Bronsemedalje i sleggjekast 1985 i Bærum: Sølvmedalje i sleggjekast 1986 i Sandnes: Bronsemedalje i sleggjekast
Personlege rekordar Diskoskast: 58,62 m (1981) Sleggjekast: 68,22 m (1981)
Kjelder friidrett.no
Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske sleggekastarar Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Folk frå Hitra