Knoppsildre (Saxifraga cernua) er ein fleirårig urteplante i sildrefamilien.

Planten er låg med ein opprett, spinkel stengel. Dei nedre blada er nyreforma med 5–7 fliker og lang stilk. Stengelblada har få eller ingen flikar og har raude yngleknopper i bladhjørna. Blomane er kvite, 12–18 mm store og sit einskildvis. Knoppsilde veks på kalkgrunn der marka er våt, ofte i skugge. Han formeirar seg hovudsakleg med yngleknoppar, og set sjeldan frø.

Planten har sirkumpolar utbreiing i Arktis og i fjellstrøk lenger sør. Han er polyploid og kromosomtalet varierer, 2n = 24–72. Arten har truleg oppstått som ein hybrid mellom bekkesildre (S. rivularis) på den eine sida, og Saxifraga sibirica og Saxifraga radiata på den andre.

I Europa finst knoppsildre på Island, Jan Mayen, Svalbard, Frans Josefs land, Novaja Semlja, langs den skandinaviske fjellkjeda i Noreg, Sverige og Finland og dessutan i Skottland, Nord-Russland og nokre få stader i Alpane og Karpatane. I Noreg er knoppsildre ganske vanleg i fjellet i heile landet og finst opp til 2200 moh. i Jotunheimen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Knoppsildre» frå , den 17. juni 2023.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantar på Grønland Kategori:Sildrefamilien Kategori:Plantar i Noreg