Sissel Knutsen Hegdal () er ein norsk politikar. Ho var ordførar i Stavanger kommune frå 23. oktober 2023 til 14. oktober 2024.
Liv og virke Bakgrunn Hegdal vart fødd i Harstad, og har to eldre sysken. Ho studerte rettsvitskap og sosialøkonomi ved Universitetet i Tromsø. Hegdal flytta til Stavanger januar 1992. Ho er gift og har tre born. Utanom politikk har Hegdal yrkt som styreleiar og styremedlem i ulike verksemder, i tillegg til å vera advokat.
Politisk karriere Hegdal byrja sin politiske karriere i 2003 etter å ha vore FAU-leiar ved skulen borna hennar gjekk. Ho var vararepresentant til Stortinget for Rogaland i periodane 2009–2013 og 2013–2017. Den 18. november 2021 vart ho valt til å vera ordførarkandidat for Høgre i Stavanger ved kommunevalet 2023.
Skandale I september 2024 kom det fram i media at Hegdal hadde misbrukt partimidla til Stavanger Høgre; totalt kroner vart nøytte til privat forbruk under valkampen 2023. Kort tid etter at saka vart kjend, uttrykte Hegdal at ho ville trekkja seg som ordførar på dagen. I eit lengre intervju i Stavanger Aftenblad innrømde ho mellom anna å ha nøytt kroner av midla til Stavanger Høgre på ein familiemiddag etter valkampen. Vidare innrømde Hegdal at ho fakturerte Høgre for nesten kroner for eit festivalpass for hennar eigen og hennar politiske rådgjevar sin ektefelle. Ved minst ni høve, inkludert netthandel og flybillettar, nøytte ho eit betalingskort knytt til bystyregruppa sin konto utan dokumenterte jobbrelaterte føremål. Same dag som ho uttrykte avgang som ordførar, var kroner betalt tilbake. Meiningane var delte om det var naudsynt at ho måtte trekkja seg. Ei veke etter at saka vart kjend, og sidan Hegdal hadde uttrykt å gå av som ordførar, hadde ho framleis ikkje levert inn søknaden om å gå av. Dette resulterte i at Stavanger Høgre si bystyregruppe ynskte at Hegdal sende inn søknaden om avgang, etter eit ekstraordinært møte. Hegdal melde seg då ut or partiet. Frå og med 4. september vart Hegdal sjukemeldt, dimed var det varaordførar Henrik Halleland frå KrF som var fungerande ordførar.
Stavanger bystyre gav einrøystes støtte til fritakssøknaden til Hegdal den 14. oktober 2024, og Tormod Losnedal vart valt som etterfylgjaren.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Harstad