Erwin Piscator () var ein tysk teatersjef, regissør og skodespelarlærar.
Liv og verk Erwin Piscator var elev av den ekspresjonistiske nyskaparen Max Reinhardt. Han var verksam i Berlin i 1919-1931. Oppsetjingane hans var prega av eskperimentell fantasi med bruk av foto- og filmprojektorar. Han talet for ein folketeateridé, og streva etter å utvida den sosiale rekkevidda til teateret. Piscator sitt verk om politisk teater, Das politische Theater (1929), blei brunne av nasjonalsosialister under bokbåla rundt om i Nazi-Tyskland i 1933. Seinare same året fekk han yrkesforbod av teatersektoren innanfor Reichskulturkammer. Han var deretter verksam ei tid i Moskva. Han hadde allereie vendt seg ein del til film, han hadde til dømes skrive manus til Gewitter über Gottland (1927) og regissert Hoppla, wir leben! av Ernst Toller same året. I Sovjetunionen laga han no Vosstanije rybakov (1934). Seinare budde og verka han i Paris og New York og frå 1951 igjen i Tyskland. Han stod òg for gjestespel i Sverige, til dømes i Gøteborg 1954-1955 og Uppsala 1957. Frå 1962 var Erwin Piscator sjef for sitt eige teater, Freie Volksbühne, i Vest-Berlin, som mange då rekna som ein av dei fremste scenane i Tyskland. I 1965 sette han opp den siste førestillinga si her, Ransakningen av Peter Weiss. Piscator skipa omgrepet episk teater.
Bibliografi
Das politische Theater. (Berlin: Adalbert Schultz 1929).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erwin Piscator» frå , den 19. juli 2023.
Kategori:Folk frå Hessen Kategori:Tyske regissørar