Stavesundsholmen er ein holme i Austrheim kommune i Vestland, i Stavesundet nord for nordspissen av Fosnøyna. Ein bilveg på fylling fører over til holmen.

På Stavesundsholmen låg ein husmannsplass under garden Kvalvågen iallfall sidan midten på 1600-talet.

Ved folketeljinga i 1900 hadde holmen fem innbyggjarar.Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet I dag har holmen ikkje fast busetjing.

Kjelder

Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid, bd. 2-4 (Austrheim kommune, 2000-2005)

Kategori:Øyar i Austrheim