Jean-Paul Villain () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Dieppe. Han vart i 1971 europameister i 3 000 meter hinder.

Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vart Villain niandemann i hinderløpet. Eitt år seinare kom han i mål til femteplass på tida 8.33,4 ved EM i friidrett 1969 i Aten. I europameisterskapen i Helsinki i 1971 gjorde han sitt livs løp då han vann gullmedaljen på ny fransk rekord 8.25,1, sekundet føre Dušan Moravčik frå Tsjekkoslovakia. Året etter enda Villain nede ellevteplassen då dei olympiske sommarleikane 1972 vart avvikla i München. Korkje i Roma-EM 1974 eller i Sommar-OL 1976 i Montreal makta han ta seg til finale i 3 000 meter hinder.

Villain var fransk mester på 3 000 m hinder i 1965, 1969-1971 og 1976.

Kjelder World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Jean-Paul Villain» frå , den 27. august 2023.

Kategori:Franske hinderløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Folk frå Dieppe