Indrevær er ei øygruppe i havgapet vest for Ytre Sula i Solund kommune i Vestland. Øyane er veglause. Det har vore busetjingar her iallfall sidan 1500-talet. Dei fleste husa på øyane står på øya som òg berre heiter Indrevær, eller Indreværet. Denne er knytt med gangvegar til dei to mindre øyane Hellersøyna og Grisøyna.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet 47 70
Kjelder
Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. I (Solund Sogenemnd, 1982)
Kategori:Øyar i Solund